Skip to main content
Unknown Component
civid: 5d09e5650d656ad7a7d9abce
name: plugins_common_social_share (widget)

Vestlandet

Vestlandet
Gjestespel frå Teater Vestland! Forfattaren Erlend og bildekunstnaren og idesprutaren Yngve køyrer Vestlandet rundt i ein nikotingul Toyota Camry. Dei trassar uvêr, ras og stengde tunnelar på ein fuktig tripp gjennom Vestlandets dramatiske natur.

Som leiemotiv har dei Anders Lysne, bondeopprøraren og vegbyggaren frå Lærdal, som vart halshogd i Bergen i 1803. Dei har eigenhendig stole skallen hans, og no vil dei bringe han heim. På vegen møter dei både levande og døde, spelemenn, separatistar og tobakksbønder, og blir forfølgd av skumle embedsmenn frå Austlandet.

Det er ikkje fritt for at det doggar på brillene i denne nærsynte hyllinga av – og harselasen med – det vestlandske sinnelaget. Draum og røyndom glir over i kvarandre i ein hysterisk heisatur gjennom språk og landskap.

Både lesarar og kritikarar var vilt begeistra då Vestlandet av Erlend O. Nødtvedt kom i 2017, og boka har fått kultstatus.

Sagt om boka:
"Vestlandet blir aldri det same etter dette" – NRK
"Et surrealistisk univers med Twin Peaks-assosiasjoner" – BT
"Fjorårets morsomste roman" – Civita
"Vestlandet er sterkt å anbefale for alle dem som liker vill og utemmet litteratur" – BT

Kunstnarleg lag
Forfattar Erlend O. Nødtvedt
Dramatisert av Eirik Fauske
Regissør Eirik Fauske
Scenograf og kostymedesignar Mari Lotherington
Lysdesignar Eirik Brenne Torsethaugen
Medverkande: Harald Ottesen Nødtvedt, Kyrre Eikås Ottersen og Madalen Sousa Helly-Hansen
Produsert av Teater Vestland

Sist oppdatert: 01/23/2025

Kilde: Visit Bergen

Vestlandet

Sider du nylig har besøkt