Skip to main content
Unknown Component
civid: 5d09e5650d656ad7a7d9abce
name: plugins_common_social_share (widget)

Vi er brødrene Eikemo

Vi er brødrene Eikemo
Marit Eikemo sin bestseljar blir teater!

Ei vestnorsk historie om familie, arbeid og samhald
Det er lys i vindauget i Berjaflotvegen 9 i Odda, huset der dei fem brødrene Eikemo vaks opp. Marit Eikemo kjem heim for å rydde. Huset skal seljast. Men korleis ryddar ein i eit heilt liv? Og kva gjer ein med alle historiene, alle tinga, alle minna? Kven bestemmer kva som er verdt å ta vare på?


Energisk familiekrønike
Vi er brødrene Eikemo er ei energisk framsyning om fem brør, ein familie, arbeid, oppvekst og eit land i endring. Med dei fem eksentriske brørne som omdreiingspunkt, følgjer vi Odda frå etterkrigstid og industri, via sjølvbyggarånd og oppfinnartrang, til dagens glitrande bygdemytologi - og Lothepus si stavkyrkje.

Her finst historier om bilar bygde utan teikningar, eigenkonstruerte båtar på ti tonn, ei improvisert "køyreopplæring" der læraren klatrar opp på biltaket i fart (!) – og bak alt: Skuggen frå faren deira, som døydde brått og etterlét fem barn mellom fire og fjorten år.

Her møter du ekte vestlandsgalskap og eit hjarte som bankar for familien, for arbeidet – og for Odda.

Tre kvinner
Tre kvinnelege skodespelarar speler eit heilt nabolag fullt av karakterar: Brør, koner, ungar, onklar og vennar.
Med varme og humor fortel dei historia om dei som bygde landet – og om oss som arva draumane deira.

Bak latteren og dei gode forteljingane ligg spørsmålet vi alle kjenner: Kva er verdt å ta vare på – og kva må vi sleppe tak i?

Om romanen
Marit Eikemo sin roman Vi er brødrene Eikemo kom ut i 2024, og fekk terningkast 6 i VG og vart omtalt som

«Ei lita bok, men eit storslått lerret av ei forteljing frå Norges industristadshistorie.»

Urpremiere
No får romanen nytt liv på scenen – dramatisert for teater av teatersjef Thomas Bye. Ei forteljing om alt det som går tapt – og alt det som held oss saman. Urpremieren finn stad: Torsdag 3. september kl. 19:00 på Det Vestnorske Teateret.

Kunstnarleg lag
Av Marit Eikemo
Dramatisert av Thomas Bye.

Med: 3 kvinner – namna kjem seinare!
Produksjon: Det Vestnorske Teateret

Ei framsyning full av latter, liv og kjensler – sikre deg plass med Scenepass 365.

Sist oppdatert: 12/15/2025

Kilde: Visit Bergen

Vi er brødrene Eikemo

Sider du nylig har besøkt