Skip to main content
Unknown Component
civid: 5d09e5650d656ad7a7d9abce
name: plugins_common_social_share (widget)

Viltseminaret 2024 - 8-9. mars i Bergen

Viltseminaret 2024 vert arrangert på Scandic Hotel Flesland i Bergen. Målgruppa er kommunale viltforvaltarar, jegerar og næringsaktørar med fokus på hjorteviltet som ressurs. Norsk Hjortesenter arrangere seminaret i samarbeid med Norges Bondelag i Vestland, og NJFF i Sogn og Fjordane og Hordaland.

Seminaret tek til med lunsj på fredag og vert avslutta med lunsj på laurdag. Programmet er delt i bolkar slik at ein skal kunne ha godt fagleg utbyte sjølv om ein ikkje deltek begge dagar .

Alle innleiarar er ikkje på plass enno, men vi kan likevel love eit innhaldsrikt og spanande program i høve aktuelle emne. Endeleg program kjem snart men hovudemna ser slik ut:

Fredag:Hjorteviltet som ressurs
Der vi ser på moglegheiter for verdiskaping basert på hjorteviltet, både som matressurs og som oppleving gjennom jaktturisme og andre måtar for oppleving. Korleis ein kan sameine sal av jakt med god forvaltning og kanskje gjere jakta tilgjengeleg for fleire og samstundes kunne tene meir på jakt?God viltforvaltning – korleis oppnå sunne bestandar med god dyrevelferd?
Kva er kriteria for sunne bestandar? Og er dette noko vi kan måle?Skrantesjuke, hudvorter, parasitter – utvikling til bekymring? Dyrevelferd.
Er dagens hjorteviltforvaltning i samsvar med Dyrevelferdslova og Naturmangfaldlova, eller er vi på ville vegar?
Dagen vert avslutta med middag og sosialt lag.

Laurdag:Hjortevilt og bruk av innmark – kva veit vi og kva bør vi gjere for å redusere beitekonfliktar
Viktige resultat frå pågåande forskingsprosjekt vert delte.Sosiale media og jaktkultur
Er sosiale media jegeren sin verste fiende? Ettersøk – lær frå dei beste for å redusere lidingane til skada vilt
Ettersøk handlar i hovudsak om dyrevelferd og er vi gode nok på dette eller tek mange for lett på det? Nokre meiner og at vi må ha meir profesjonelle ettersøksjegerar og hundar.

Sist oppdatert: 02/20/2024

Kilde: Visit Bergen

Sider du nylig har besøkt