Dynamic Variation:
Offers
Choose Language
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway
Eastern Norway Gjøvik Gran

Vinje og Cervantes - lengten i ord og tonar

Overview

Etter kranslegging ute får vi orgelkonsert og diktlesing i Mariakirken.
Orgelresitasjon: Andrea Maini. Tekstresitasjon: Johannes G. Torstveit.
Ca. kl. 1530 - etter konserten - er du invitert til omvising og kaffi på Presteenkesetet Sjo.

Konsertpogram
Musikk av Francisco Correa de Arauxo, Louis Couperin, J.S. Bach og E. Grieg.

Andrea Maini og Johannes G. Torstveit løfter loket på dei norske og spanske kunstneriske skattekistene og plukkar opp musikk og dikt som framstiller lengten.
Dikt og prosa av A.O. Vinje og av M. Cervantes vert følgd av orgelmusikk til ettertanke.
Andrea presenterer flotte perler frå spansk renessanse skrivne av den store komponisten
Francisco Correa de Arauxo (1584 – 1654) og me vandrar også inn i barokken og hentar stemningsfull musikk av franske Louis Couperin og av J.S. Bach. E. Griegs tonar til Ved Rondane og Våren vert ikkje gløymd heller…

Kantor Andrea Maini har vore kyrkjemusikalsk leiar i Fjære sokn, Grimstad, sidan 2004. Han har utdanning frå Italia, Tyskland og Nederland og studerte orgel bla. med Gustav Leonhardt, Marco Arlotti og Francesco Cera. Han deltok i masterklasser med Liuwe Tamminga og Hans Fagius.

Her i landet har Andrea deltatt i kurs i liturgisk orgelspel med Trond Kverno.
Maini tufta organisasjonen Frescobaldi-akademiet for å gjere italiensk renessanseorgel og italiensk musikk frå 1500- til 1700-talet kjend i Noreg.
Maini har vore prosjektleiar for det nye italienske renessanseorgelet i Fjære kyrkje. Dette orgelet har vekka stor interesse bade nasjonalt og internasjonalt.
Verdskjende Prof. Edoardo Bellotti frå Eastman School of Music (Rochester, New York) skal halde ei masterklasse i Fjære kyrkje neste år og fleire internasjonale konsertorganistar har meldt interesse for å halde konsert og for å spele inn plater.
Maini dirigerer Fjære kammerkor, eit kor som er spesialisert i renessanse- og barokkrepertoar, med hovudvekt på G. Allegri, C. Gesualdo, D. Buxtehude og G.F. Händel. Fjære Kammerkor og Andrea Maini har samarbeid bla. med Wolfgang Plagge og Jan Bjøranger.
Ved sida av sin musikalske profesjon, er kantoren ein ihuga Vinje-kjenner og leiar for Vegårdshei Mållag.
Frå Vegårdshei Mållag kjem også Johannes G. Torstveit som les dikt for oss. Johannes er forfattar, historikar, tidlegare skulesjef og målmann.

Billettar: Kr 150. Halv pris for medlemmer i Noregs Mållag.

Arrangør:Hadeland dialekt- og mållag i samarbeid med Kirken i Gran og Presteenkesetet Sjo

Kontakt: Reidun Ramse Sørensen tlf. 92298745
Kilde: Hadeland Gå til kalender
Legg inn arrangement

  • Last Updated: 14.05.2018
  • Source: Kulturnett Oppland
Dates

lør 28. juli 2018 14:00 15:30

See All
Vinje og Cervantes - lengten i ord og tonar
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad