Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway
Fjord Norway Møre og Romsdal ØRSTA

Vinterlys

Overview

Tanken bak tittelen «Vinterlys» er at kvar låt på konserten skal være som små lysglimt av varme for både publikum og artistane i ei elles kald og mørk årstid. Ei musikalsk feiring av at sola snart snur. Rita har dei siste åra gjort stor suksess med konsertframsyninga «Songbird» - ein hyllest til Eva Cassidy, og i ABBA-framsyninga «Thank you for the music – Vi elsker ABBA».

Ho er kanskje den artisten i Norge som har vore med på flest duettar, og har sunge med blant andre
Hellbillies, Bjørn Eidsvåg, Tre Små Kinesere og Delbert McClinton. I 2020 låg Rita øverst på P1 si radioliste
med duetten «Stå i ro» i lag med med Tommy Fredvang. Da Rita sjølv skulle velge duettpartner
på albumet «Øyeblikk» frå 2014, var førstevalget Dag Vagle på låten «Alt te si tid». Ein nydeleg låt
som høyrer naturleg heime på «Vinterlys» sidan konserten og har enkelte avstikkarar frå den klassiske
julemusikken.

Dag Vagle er soloartist og frontfigur i bandet Helldorado, og han spelar også med Randi
Tytingvåg Trio og Janove. Då «Feedback» skulle kåre tiåret sine ti beste plater ved årsskiftet,
trakk Egon Holstad fram plata "Bones in the Closet" med Helldorado og skreiv " Dag Vagle er en av
våre beste vokalister noensinne og er hans låt «Johnny's Song» den beste som ble laget her på
berget i hele tiåret? Ja, det tror jeg pinadø».

Helldorado var for øvrig «popstjerner» i Tyrkia for nokre år sidan. Dei fekk ikkje gå i fred for
autografjegerar på gata etter at dei skreiv den tyrkiske fotballsongen som ALLE tyrkarar kunne synge.
I tillegg til å være ein fantastisk formidlar av tekst, er Dag også ein ypparleg musikar med gitar som
sitt hovedinstrument.

Fram gjennom åra har dei møtt kvarandre i ulike prosjekt, men det var etter at Rita høyrde Dag Vagle
synge «Askepottsangen» på tsjekkisk at ho tenkte tanken om eit samarbeid på julekonsertar.
Publikum vil få høyre kjende og kjære julesongar - nokre henta fra Rita sitt  julealbum «Velkommen inn»,
ein del perler fra begge artistane sin låtkatalog pluss nokre overraskingar. Dersom publikum vil, kan VINTERLYS bli ein fin
tradisjon i åra framover.

På vegen har dei med seg følgande besetning:
Rita Eriksen - vokal
Dag Vagle – vokal og diverse instrument
Tarjei Nysted - fele
Jon-Willy Rydningen - tangenter
Gjermund Silseth - Kontrabass

  • Last Updated: 15.10.2021
  • Source: Geirangerfjord - Ålesund & Sunnmøre
Dates

sø. 28. november 2021 19:30 21:00

See All
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
Vinterlys
Your Recently Viewed Pages