VIKTIG! Les denne informasjonen om Koronaviruset og reising i Norge
Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway
Fjord Norway Rogaland STAVANGER

Ymist - Melancholia ll

Overview

Melancholia II av Jon Fosse, dramatisert av Oda Radoor - ei framsyning av Ymist. Stavanger, tidleg på hausten 1902: Gamle Oline kjempar seg opp den bratte brekka ifrå kaien og opp til huset sitt - med fisk i den eine handa og stokk i den andre. Kroppen verker, tankane surrar, ho tenkjer mykje på broren Lars, og dessutan kjenner ho at ho må på do. Oline skal døy i dag.

Melancholia II av Jon Fosse, dramatisert av Oda Radoor - ei framsyning av Ymist.

Stavanger, tidleg på hausten 1902: Gamle Oline kjempar seg opp den bratte brekka ifrå kaien og opp til huset sitt - med fisk i den eine handa og stokk i den andre. Kroppen verker, tankane surrar, ho tenkjer mykje på broren Lars, og dessutan kjenner ho at ho må på do. Oline skal døy i dag.

Framsyninga handlar om det fundamentale i menneskelivet, om skam og verdigheit, om kjærleik og om død. Det er ei sår historie om det å høyre saman med nokon, om kroppsleg og mentalt forfall, og om det vakre i det fråstøytande.

Jon Fosse skriv ifrå innsida av tankestraumen til Oline, ifrå innsida av den skrøpelege kroppen, og ein kan kjenna korleis beina hennar verker, ein kan kjenne på skamma hennar over å ikkje ha kontroll over kroppsfunksjonane sine. Ein kjenner på vermen og lyset som finst i minna ho har om broren - landskapsmålaren Lars Hertervig (1830-1902), som ho aldri heilt forstod - eller kanskje ikkje heilt våga å forstå.

Romanen er eit trippelportrett; det er både eit portrett av Oline og eit portrett av Lars, og det er eit portrett av skrivaren sjølv, forfattaren bak romanen. Han gir seg til kjenne i måten å sjå på, gjennom teksten sin materialitet, gjennom rytmen og pusten i teksten. Skodespelaren vil gjennom eit gjennomkoreografert fysisk språk forsøka å gestalta denne språkrytmen. På denne måten ser skodespelaren på skrivaren, som ser på Oline, som igjen ser på broren Lars, kunstnaren.

Ymist. er Erlend Samnøen - koreograf og regissør, og Morten Espeland ­- skodespelar. Dette er kompaniet si tredje framsyning (EDDA/voluspå 2015, Draumkvedet 2018). Dei utforskar spenningsfeltet mellom samtidsdansen og skodespelaren si førestellingsevne i prosjekt der det tekstlege utgangspunktet ikkje er dramatiske tekstar. Med seg i Melancholia II har dei dramatikar og dramaturg Oda Radoor, Maja Nilsen som scenograf og kostymedesignar, Gaute Storsveen som komponist, Ingeborg Staxrud Olerud som lysdesignar, og Ida Willassen som produsent.

Framsyinga er støtta av Norsk kulturråd, Fond for lyd og bilde, Tou, Rosendal Teater, Fond for utøvende kunstnere, Bergesenstiftelsen, Fritt ord, Hordland fylkeskommune.

  • Last Updated: 15.06.2020
  • Source: Region Stavanger
Dates

to. 1. oktober 2020 19:00

See All
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
Ymist - Melancholia ll
Your Recently Viewed Pages