Alt vi kjenner av rom, tid, materie og til og med naturlover har ei byrjing. Kva skjedde i dei første, uforståelege korte augeblikka etter Big Bang?
I dette møtet tek vi publikum med heilt tilbake til universets første sekund, der moderne kosmologi møter djupe filosofiske spørsmål. Ny forsking på inflasjon, kvantefysikk og utviklinga av det tidlege universet gir oss stadig betre modellar for korleis kosmos veks fram frå ein ekstremt tett og varm tilstand. Samstundes utfordrar desse modellane våre intuitive førestillingar om tid, årsak og eksistens, og opnar for grunnleggjande spørsmål om opphav og tilfeldighet.
Dette er ikkje berre ei forteljing om universets barndom, men ei utforsking av grensene for kva vi kan vite, og kva det betyr å vere del av eit univers med ei byrjing.
Arrangementet finn stad 23. mars på Teglverket, Kvarteret kl. 18.
Vi gleda oss til å sjå deg!
Last modified: 31.01.2026
Kilde: Visit Bergen
Se hva som er i nærheten
Big Bang





























































