5. september er det open dag under BRAKEFESTIVALEN på Osterøy Museum!
Brake (eller einer) er ein plante med mange bruksområde, og har vore utruleg viktig her på Vestlandet. Det er faktisk Osterøy sin kommuneplante.
Planten har vorte brukt til mykje: alt frå krydder i mat og brennevin til medisin og trevirke. Brakefestivalen blir ei feiring av planten som har betydd så mykje!
På den opne dagen blir det kurs, aktivitetar for heile familien, foredrag, konsert, omvising og mykje meir.
Det blir gratis inngang for alle!
Last modified: 29.05.2026
Kilde: Visit Bergen






























































