Heile Gol samlast med mål om å lage meir lys i den mørke vintertida for å minne om at vi er på veg mot lysare tider.
I år igjen samarbeidar barnehage, skule, kulturskule, vaksenooolæringa og biblioteket for å lage den flotte lysløypa på Hallingmo.
Oppmøte ved Gol skule, parkeringa ved Gia. Det kan vere lurt å ta med seg hovudlykt eller lommelykt. Lysløypa gjennom Hallingmo har vore ein tradisjon dei sista åra. Installasjonane rundt i løypa er laga av elevane på Gol skule, Breidokk barnehage, Herad barnehage, Vesterhuset barnehage, kulturskulen og vaksenopplæringa.
Det serveres varm drikke. Arrangementet er gratis.
Last modified: 20.01.2026
Kilde: Hallingdal Reiseliv




























































