Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Kviteseid

Øverbø - Sondres heim

Øverbø er Sondre Norheim, den moderne skisportens far, sin fødeplass.

Øverbø i Morgedal er Sondre Norheim, den moderne skisportens far, sin fødestad. Plassen og stoga er tilgjengeleg alle dagar sommarstid, men du må ta med deg nøkkel frå parkeringsplassen. 
I tillegg til den gode historia får du ein god trimtur og, ikkje minst, flott utsikt over bygda Morgedal.
Du kan skrive navnet ditt i gjesteboka. Dei gamle bøkene blir nå digitalisera, over 150 000 har skrive sitt namn i bøkene.

Les meir om Sondre Norheim og livet hans her.

Det fyrste Vinter-OL var i Chamonix i Frankrike i 1924, men i starten var det ikkje vanleg med olympisk eld til Vinter-OL. Den fyrste vinter-olympiske fakkelen vart tent på Øverbø og sendt til OL i Oslo i 1952. I grua på Øverbø vart òg fakkelen til OL i Squaw Vally i 1960 og til OL på Lillehammer i 1994 tent.
Meir info om den olymiske elden finn du på www.morgedal.com.

Ynskjer du ein guide som kan fortelje om skihistorien og livet til Sondre, kontakt Norsk Skieventyr i Morgedal for meir info (tel. 35069080).

Turen til Øverbø høver fint for grupper og bedrifter som ynskjer det vesle ekstra. Kafeen ved Norsk Skieventyr kan lage lunsjkorg som ein kan ta med seg opp.

Turen er skilta og er ein del av Vandretelemark. Du kan òg klikke på pdf-filene til høgre og laste ned kart og info.
 

Last updated: 01/02/2024

Source: Vest Telemark

Øverbø - Sondres heim

Sider du nylig har besøkt