Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Utvikfjellet

Øvresetsstøylen

Øvresetsstøylen ligg på Utvikfjellet og er eit vakkert stølstun med fin utsikt over Nordfjorden.

Start frå parkering ved skisenteret og følg stølsvegen til merket "Fløtravarden" ved Fellastøylen. Følg merket løype til Fløtravarden der du kan nyte utsikta i alle retningar. Frå toppen går du ca 400 m mot vest og finn stien som går sør-øst og endar på stølsveien like ved Øvresetstøylen.

Støylen ligg ca. 720 moh og har utsikt mot Våtedalen, Breim og ned mot Sandane.
Ein kan sykle eller gå på vegen som går frå parkeringsplassen på Utviken. På turen ut passerer du fleire andre støylar.

Turen tar ca 1,5 timar t/r, og er ca 3,2 km lang.

Last updated: 10/11/2023

Source: Nordfjord

Øvresetsstøylen

Sider du nylig har besøkt