Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

SVEIO

Ålfjordruta (32,5 km)

Variert sykkeltur som er gradert med vanskegrad middels til krevande.

Vanskegrad

Middels til krevande

Lengde

32,5 km

Underlag

Asfalt og grussti

Turskildring

Ruta startar på sykkelsti langs hovudvegen og fortsett gjennom fredeleg skog og kulturlandskap med mange idyllar langs Ålfjorden. Frå Sveio sentrum følgjer ein sykkelstien nordover langs Rv47, og frå Haukås langs E39 til Drange. Her må ein ut på europavegen eit kort stykke (ca 1 km), før du tar inn til venstre på gamlevegen opp Hanabrekka. Her går det sti til steinalderbuplassen Geitalemen, som ligg få minutts gange frå vegen.

Vidare går turen på sykkelsti til Førde. Nede i bygda er det butikk. Frå Førde ta av mot høgre og følg skilt til Erve. Følg Ålfjordvegen gjennom skog og idyllisk kulturlandskap.

Ved Joavatnet kan du ta turen til Børshovda, ca ½ time bratt opp til toppen 189 moh. Her er det funne ei bygdeborg frå folkevandringstida. I Selsåsvika er det flott badeplass med toalett. Turen går vidare forbi Framnes, Oa og Erve til Våga, der ein svingar av brått mot høgre (ved kai/butikklokale) og opp ein lang bakke mot Mekjeland og vidare under E39 forbi Krossgott.

Ta til høgre igjen og hald fram forbi Lid skule og oppover mot Rv47. Her kryssar du vegen og følgjer sykkelstien sørover tilbake til utgangspunktet.

Last updated: 01/29/2024

Source: Samarbeidsrådet for Sunnhordland

Ålfjordruta (32,5 km)

Sider du nylig har besøkt