Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)
Ålesund

Ålesund symfoniorkester: Nyttårskonsert // Parken kulturhus i Ålesund

Bestill

Endeleg klart for den tradisjonsrike nyttårskonserten med Ålesund symfoniorkester.

Dirigent og konferansier: Michael Pavelich
Solistar: Frøy Hovland Haltbakk, sopran og Marius Roth Christensen, tenor
Med Ålesund Operakor, ved kormester Marianne Ravn Stavseng

Endelig kan me igjen invitere til ein storslått nyttårskonsert i Parken Kulturhus. Eit sjampanjesprudlande repertoar med både highlights frå opera, operette og musikalverda, men også nokon mindre kjende overraskingar. I år har me også med oss ballett, Carola Teti ved Ålesund ballettskole tek med seg dei eldste elevane sine i ein fengjande koreografi til Prokofievs musikk.

Solistane i år er den unge, framstormande lyriske sopranen Frøy Hovland Holtbakk frå Skurdalen i øvre Hallingdal. Ho hadde debuten sin i Nasjonaloperaen hausten 2021 som Lauretta i Gianni Schicchi, og er no tilsett som solistpraktikant i Den Norske Opera & Ballett sesongane 21/22 og 22/23.

Tenoren Marius Roth Christensen har ein allsidig karriere. Han vart først kjend som gitarist og vokalist i rockebandet Seigmenn, og studerte sidan ved Austlandets Musikkonservatorium og Statens Operahøgskole. I 2006 debuterte han ved Nasjonaloperaen i rolla som Tamino i Tryllefløyten – ei rolle han sidan har gjort her ei rekkje gonger. Frå 2013 har han vore fast medlem av solistensemblet ved Den Norske Opera & Ballett. Marius gjorde seg også noterte i deltakinga si i NRKs Stjernekamp i 2021.

Michael Pavelich var med å byggja opp Opera Nordfjord heilt frå starten i 1998, og har vore kunstnarisk leiar og dirigent for alle produksjonane deira. Dette inneber forutan ei lang rekkje operaer, ei imponerande rekkje musikalar og turnear i regionen og nasjonalt.

Kilde: Ålesund & Sunnmøre

0

Ålesund symfoniorkester: Nyttårskonsert // Parken kulturhus i Ålesund

Bestill

Sider du nylig har besøkt