VIKTIG! Les denne informasjonen om Koronaviruset og reising i Norge
Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway

Fjord Norway Vestland BREMANGER

Ålfotbreen

  •  /  km From You
Overview

Ålfotbreen og den nærliggande Gjegnalundsbreen, er dei vestligaste isbreane i Norge. Området er det mest regntunge i Europa, der ein anslår at det årleg kjem minst 5500mm nedbør.

Denne ekstremnedbøren er grunnlaget for den store kraftproduksjonen i Bremanger og industrien i Svelgen. Klimaet her er arktisk, og sjølv på ein varm sommardag må ein kle seg godt og vere godt forbredt for å gå i området. Området er eit av dei områder som blei sist utforska og kartlagde i Norge, så er dette villmark på sitt drøyaste.

Breane og dei nærliggande områdene er verna landskapsområder, og er inngrepsfrie, medan så godt som alle vatn, innsjøar og fossefall rundt dette igjen, er regulerte til kraftproduksjon. Området er karakterisert av det unike og spesielle hyllelandskapet av devonsk sandstein, der ein kan begynne å lure på om ein ikkje har forvilla seg til ein helt anna planet enn Jorda. Det er heilt unikt i verden.

Dette er dei oppmalte restane av den kaledonske fjellkjeden som for 400 millionar år sidan strakte seg like høgt som Himalaya-fjella. Når fjellet blei erodert opp, samla sandmassane i det som i dag heiter Hornelen-bassenget - her sklei dei gradvis vestover, og dermed danna hyller, som under enormt press i jordskorpa blei fast bergrunn, som seinare har blitt pressa opp til nye fjell. Det er over 200 slike hyller frå Svelgen-området i vest, til Hyen i aust. Sandstein er umogleg å polere, dermed har ein har enormt godt grep til klatring. Det er mange stup og klipper i området med forskjellige gradar av vanskeligheit, der den drøyaste nok er Galleri-veggen på Gjegnen, som er over en kilometer loddrett opp. Svelgen og Ålfoten er gode basar for å utforske området. Ta gjerne kontakt med turistkontora for å forhøyre seg om lokalkjende guidar og om kven som kan tilby klatring og rappelering i området. Sjå Keipen Turlag på nettet for arrangerte fellesturar og beskrivelse av turstiar i området.


  • Last Updated:
  • Source: Nordfjord
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with TripAdvisor
Your Recently Viewed Pages