Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Tokke

TripAdvisor rating of 5

3

Åmdals Verk gruver

Åmdals Verk gruver er bygd opp kring arbeidarkulturen som koparverket la grunnlag for. Bli med oss på ei spanande vendring inne i gruvene, eller sjå rørlege modellar som visar koparproduksjon.

Åmdals Verk i Tokke har ei lang gruvehistorie. I 2018 starta ei betydeleg oppgradering av museet som formidlar gruveverksemda i området. 

I gruvene er det fleire historiske tablå med dokker, lyd og ljos. Eit underjordisk forsamlingslokale kom på plass – her kan ein ha konsertar og andre tilstellingar for inntil 50 publikum. 
Museet viser mellom anna ein video med historia til gruvene. Geologiutstillinga er oppdatert, og hovudutstillinga med dei mekaniske modellane har fått eit teknisk løft. I kafeen er det ei fotoutstilling som visar Åmdals Verk før og no.

Historia går attende til slutten av 1530-talet, då kong Kristian 3. av Danmark/Noreg sendte tyske bergmenn til Telemark for å starte gruvedrift. Det fyrste bergverket vart kalla Moisesberg. Dette ligg ikkje langt frå Åmdals Verk, men drifta her vara berre til rundt 1549.

Malmgangane på Åmdals Verk vart funne i 1689. Johan Pettersen Bergmann, borgarmeister i Christiania, søkte 29. mars 1690 «Oberbergamtet» i Kongsberg om privilegiar for Åmdal koparverk.

Gruvedrift på Åmdals Verk

I 1691 kom drifta i gang, men konjunkturane svinga. Bergmann mista livet i eit forlis i 1701, og det gjekk gradvis nedover med drifta til ho skal ha blitt stansa i 1712. Koparverket har etter den tid hatt mange ulike eigarar, med korte og ofte lite lønsame driftsperiodar. Lang veg til kysten og høge fraktkostnader gjorde drifta utfordrande.

Verket hadde ein gullalder i andre halvdel av 1800-talet, med kontinuerleg drift gjennom fleire tiår. I 1870- og 1880-åra blei det investert i nytt utstyr som auka effektiviteten. Toppåret i perioden var 1884, med over 300 tilsette. Fram til 1907 hadde verket eigen skule. I tillegg hadde dei fattigvesen og eigen lege ved verket.

Siste driftsperioden var under 2. verdskrig. Okkupasjonsmakta kravde full drift gjennom heile krigen, verket blei ein Wehrwirtschaftsbetrieb. Etter freden i 1945 blei gruvedrifta lagt ned for godt. Sidan starten i 1691 har det blitt tatt ut om lag 1 million tonn bergmasse, og truleg utvunne meir enn 8000 tonn kopar.

Sjekk ut denne: Podkast: 254 år med slit og samhald

Gruvene vart hjarta i ei urbanisert fjellbygd der gruvearbeidaren sin kvardag var avhengig av gode malmførekomstar og politiske tilhøve ute i Europa.

Spanande gruvevandring
Omvisarar tar deg med på ei spanande gruvevandring som syner synkar, strosser og tilhøve gruveslusken arbeidde under. NB! Temperaturen i gruva er jamnt 6 gradar - ta med genser eller jakke! 

Me har ikkje sett ei nedre aldersgrense for å bli med på gruvevandringa, men barn bør helst vere så store at dei kan gå støtt sjølve.

HER KAN DU TA EI VIRTUELL VANDRING GJENNOM DELAR AV GRUVA!

Mange avanserte mekaniske modellar syner korleis den omfattande prosessen frå malm til kopar gjekk føre seg.

I museet er det også ein stor geologiutstilling.

Gruveområdet er er rikt på mineralar, og omkransa av flott natur og turstigar. Det finst ei eiga lita gruve for born der dei kan finne stein.

Museet er ope i sommarsesongen.

Ta kontakt med oss for gruppeomvising utanom sesong.
E-post: booking@vtm.no
Tlf: 30509090

Last updated: 03/26/2024

Source: Vest Telemark

Åmdals Verk gruver

Sider du nylig har besøkt