Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)
Uggdal

Ånuglo friluftsområde - aust for Onarheim

Øya Ånuglo er eit eineståande naturområde, og på grunn av kombinasjonen mild vinter, varm sommar og næringsrike bergartar er her eit interessant og verneverdig planteliv.

Stad: Austlegaste øya i kommunen, ved innløpet til Hardangerfjorden. Heile Seløya, delar av Ånuglo, Flornes og Midtøya er friluftsområde.
Areal: Omlag 3868 dekar.

Øya Ånuglo er eit eineståande naturområde, og på grunn av kombinasjonen mild vinter, varm sommar og næringsrike bergartar er her eit interessant og verneverdig planteliv. I Veavika i sør er det eit freda skogreservat med barlind og kristorn. Ånuglo er også eit viktig båtutfartsområde med fine og lune naturhamner. Dei to mest brukte områda er bukta innafor Svinaneset på nordsida og Skipavågen på sørsida av øya. Informasjonstavle, toalett, bord og benkar i Bekkjavika nord på øya.

Aust på Ånuglo er det eit område som ikkje er friluftsområde. Her er det fastbuande, vis omsyn til dei private eigedomane når du vitjer Ånuglo. Besøk gjerne turboksen på Ånuglo, ein av 16 geocacher som BOF har lagt ut i ulike friluftsområde.

Kilde: Samarbeidsrådet for Sunnhordland

0

Ånuglo friluftsområde - aust for Onarheim

Sider du nylig har besøkt