Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Vossestrand

Årmotssteinen leiligheiter, Myrkdalen

Leilegheiter med fin standard og god storleik som ligg 160 - 360 meter sør-vest for Myrkdalen Hotel. God plassering til hotell og skianlegget. Må kryssa veg til og frå skianlegget/hotell.

Om leilegheitene Dei aller fleste leilegheitene har terrasse, peis, oppvaskmaskin og vaskemaskin. Fordeling på senger er hovudsakleg eit rom med dobbeltseng, og resterande rom med familiekøyesenger. Alle leilegheiter skal ha vanleg standardinnhald på kjøkkenutstyr. Unntak førekjem. Avstand frå Myrkdalen Hotel 160 - 360 meter Avstand frå skiheis/trekk 210 - 410 meter. God plassering til skisenteret og Myrkdalsekspressen. Merk at ein må kryssa veg til og frå skianlegget/hotell. Byggeår I dette området finn du leilegheitsbyggja Vårstølsteigen, Vårstølstunet, Vårstølsskogen, Nyestølen og Nyestølsteigen. Byggjeår for desse leilegheitene er frå 2013 - 2018 Innsjekk og utsjekk Innsjekk og utsjekk er på det moderne fjellhotellet Myrkdalen Hotel som ligg i hjarta av fjellandsbyen. Som gjest i Myrkdalen Fjellandsby kan du nyta godt av fasilitetane på hotellet. Her er tre restaurantar, afterski og bar. Hotellet har også leikerom for dei minste og gratis WiFi om du har behov for det. Innsjekk: Frå kl 16.00 Utsjekk: Før kl 11.00 Tidleg innsjekk og sein utsjekk Ved ledig kapaistet er det mogleg å bestilla tidleg innsjekk og sein utsjekk til kr 100 per time. Dette kan ein ikkje bestilla online, men send gjerne ein førepurnad til kundeservice@myrkdalenhotel.no Obligatorisk utvask og leige av sengetøy Utvask er obligatorisk på alle einingar i Myrkdalen Fjellandsby. Leige av sengetøy er også obligatorisk og kostar 150 kr per person per opphald. Handklede er inkludert i prisen. Aldersgrense Det er 23 års aldersgrense for bestilling av hytter og leilegheiter i Myrkdalen Fjellandsby

Last updated: 11/08/2023

Source: Destinasjon Voss

Årmotssteinen leiligheiter, Myrkdalen

Sider du nylig har besøkt