Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway

Fjord Norway Nordfjord Eid

Årskogvika Camping

  •  /  km From You
Overview

Enten du vil slappe av ved sjøen, ha eit godt utgangspunkt for å oppleve Nordvestlandet, eller rett og slett treng ein stad å overnatte, så er Årskogvika camping den ideelle staden.

Plassen ligg solvendt midt i fjorden, og dei fire romslege hyttene er plassert berre eit kort steinkast frå fjorden og har ei av dei mest praktfulle utsiktene i Nordfjord. På sommaren kan du nesten ta på dei store cruisebåtane som dagleg seglar forbi. Her kan du sitte ved strandkanten å sjå fire fjordar møtast, bade, nyte sola som speglar seg i klukkande bølgjer, eller saman med familie eller vener ta kortare eller lengre dagsturar til natur- og kulturopplevingar både i Nordfjord, Sunnfjord og Sogn, og på Sunnmøre.

På vinteren er det ein god stad for familie og vener å bruke kveldane etter hektisk vinteraktivet, enten du vil har vore i alpinanlegga ved Harpefossen eller på Utvikfjellet, eller dei mange andre turhøva i oppkøyrde løyper eller urøyvd natur i Nordfjord.

Den som ønskjer ein tur på fjorden, enten for å fiske, sjå, eller for å slappe av, kan leige ein av campingplassen sine båtar.


  • Last Updated:
  • Source: Nordfjord
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages