Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Voss

Ølsmaking på Voss

Bli med leiar og ølbryggar Rune Midttun på smaking av lokalt øl, brygga med kveik!

Dei to bryggeria på Voss, Voss Fellesbryggeri og Voss Bryggeri, har slått seg saman for å satse breiare på det beste innan ølkultur. Dei opnar dørene og tilbyr ølsmaking på bryggeriet. Det er gründer og dagleg leiar sjølv som tek i mot dekan. Her vil de får høyra om korleis dei lagar øl, sider og sterkare saker. Vidare får de høyra ein del om ølets historie, spesielt i Norge. Dei har fokus på urgjæren kveik og dette er verkeleg spennande saker.

Undervegs får de smaksprøvar på både øl og sider og det vert heilt sikkert nokre røvarhistoriar.

Praktisk info:
Smakinga varar i ca. 1,5t.
Det er inkl. 4 smaksprøvar.

Pris:
5000kr opp til 10 pers, deretter 500 per pers.
Maks 50 deltakarar på Bryggeriet.
Er de ei gruppe på meir enn 50 personar kjem ølbryggar til deg, enten på eit av hotella eller til andre selskapslokale på Voss.

Bryggeriet har også utsal innanfor vanlege salstider, så her er blir det høve til å kjøpa med seg favoritten heim!

Booking via e-post direkte til Voss Fellesbryggeri – voss@fellesbryggeri.no

Last updated: 03/06/2024

Source: Destinasjon Voss

Ølsmaking på Voss

Sider du nylig har besøkt