Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway
Eastern Norway Kviteseid

Øverbø - Sondre's heim

  • Øverbø, Kviteseid
  • +47 35069080
  •  /  km From You
Overview

Øverbø er Sondre Norheim, den moderne skisportens far, sin fødeplass.

Øverbø i Morgedal er Sondre Norheim, den moderne skisportens far, sin fødestad. Plassen og stoga er tilgjengeleg alle dagar sommarstid men du må ta med deg nøkkel frå parkeringsplassen. 
I tillegg til den gode historia får du ein god trimtur og ikkje minst, flott utsikt over bygda Morgedal.
Du kan skrive navnet ditt i gjesteboka. Dei gamle bøkene blir nå digitalisera, over 150 000 har skrive sitt namn i bøkene.

Les meir om Sondre Norheim og livet hans her.

Det fyrste Vinter-OL var i Chamonix i Frankrike i 1924, men i starten var det ikkje vanleg med olympisk eld til Vinter-OL. Den fyrste vinter-olympiske fakkelen vart tent på Øverbø og sendt til OL i Oslo 1952. I grua på Øverbø vart òg fakkelen til OL i Squaw Vally i 1960 og til OL på Lillehammer i 1994 tent.
Meir info om den olymiske elden finn du på www.morgedal.com.

Ynskjer du ein guide som kan fortelje om skihistorien og livet til Sondre, kontakt Norsk Skieventyr i Morgedal for meir info (tel. 35069080).

Turen til Øverbø høver fint for grupper og bedrifter som ynskjer det vesle ekstra. Kafeen ved Norsk Skieventyr kan lage lunsjkorg som ein kan ta med seg opp.

Turen er skilta og er ein del av Vandretelemark. Du kan òg klikke på PDF-fil og laste ned kart og info.
 


  • Last Updated:
  • Source: Vest Telemark
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages