Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Vossestrand

Øvre Bygardslii leiligheiter, Myrkdalen

Leiligheiter | Mindre leilegheiter med fin standard som ligg i høgda i hyttefeltet - 150 til 270 meter vest for Myrkdalen Hotel. Gangavstand via skianlegget er kort. Går ein via bilvegen, er dette noko lengre.

Dei aller fleste leilegheitene har terrasse, peis, oppvaskmaskin og vaskemaskin. Foredling på senger er hovudsakleg eit rom med dobbeltseng, og resterande rom med familiekøyesenger. Alle leilegheiter skal ha vanleg standardinnhald på kjøkkenutstyr. Unntak førekjem. Avstand frå Myrkdalen Hotel 150 - 270 meter Avstand frå skiheis/trekk 170 - 280 meter. (Gåavstand via skibakken, ikkje bilvegen) Byggeår I dette området finn du leilegheitsbyggja Draugsvollshammaren og Ondratunet. Byggjeår for desse leilegheitene er frå 2006 - 2012. Innsjekk og utsjekk Innsjekk og utsjekk er på det moderne fjellhotellet Myrkdalen Hotel som ligg i hjarta av fjellandsbyen. Som gjest i Myrkdalen Fjellandsby kan du nyta godt av fasilitetane på hotellet. Her er tre restaurantar, afterski og bar. Hotellet har også leikerom for dei minste og gratis WiFi om du har behov for det. Innsjekk: Frå kl 16.00 Utsjekk: Før kl 11.00 Tidleg innsjekk og sein utsjekk Ved ledig kapaistet er det mogleg å bestilla tidleg innsjekk og sein utsjekk til kr 100 per time. Dette kan ein ikkje bestilla online, men send gjerne ein førepurnad til kundeservice@myrkdalenhotel.no Obligatorisk utvask og leige av sengetøy Utvask er obligatorisk på alle einingar i Myrkdalen Fjellandsby. Leige av sengetøy er også obligatorisk og kostar 150 kr per person per opphald. Handklede er inkludert i prisen. Aldersgrense Det er 23 års aldersgrense for bestilling av hytter og leilegheiter i Myrkdalen Fjellandsby

Last updated: 11/08/2023

Source: Destinasjon Voss

Øvre Bygardslii leiligheiter, Myrkdalen

Sider du nylig har besøkt