Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway

Øygarden på langs

  • +47 53006140
  •  /  km From You
Overview
Details

Øygarden med sine 550 øyer, holmar og skjær har et vakkert natur- og kulturlandskap. Du kan oppleve Øygarden på eiga hand, med buss frå Bergen og båt frå Hellesøy i nord. Nyt utsikta frå bussen på vegen over øyer og bruer, eller hopp av bussen og ta ein tur i Nordsjøløypa, fleire merkte turløyper både i Fjell og Øygarden. Når du dreg Øygarden på langs, er det fleire stader det kan vere verdt å besøkje.

Torsvikhuset og Klyva
På Torsvik, om lag 30 minutt frå Bergen sentrum ligg til dømes Klyva aktivitetspark og villmarksleir som tilby spennande aktivitetar.

Kystmuseet & Øygarden Visningssenteret
Vel 10 minutt vidare mot nord, finn du Kystmuseet ved den vakre Ovågen. Her får du eit innblikk i kystkulturen, og ulike former for ressursutnytting gjennom dei siste 10 000 åra. I kafeen kan du nyte utsikta, ein kopp kaffi, nysteikte lappar eller ein saftig lakserull. Du kan òg leige robåt eller syklar. Berre ein kort båttur frå kaia kan du lære om havbruksnæringa på nært hald. Øygarden visingssenteret kan saman med Kystmuseet gi omvising, demonstrasjonar og informasjon om utviklinga av norsk og lokal havbruksnæring.

Adnestova
På Nordre Sæle ligg Adnestova, ei 300 år gammal stove frå eit klyngetun. Her får du høyre historier om livsvilkåra til fiskarbonden og fellesskapet i tunet gjennom hundreåra. Rundt Adnestova er det ein kysthage med urter, lyng, rododendron og andre plantar som kan blomstre året rundt. Hagen er open for publikum.

Hellesøy
Ein time og 17 bruer frå Bergen sentrum er du på Hellesøy, siste stoppet på bussturen, og eit ferieparadis for båtfolk, bussturistar, syklistar og folk på dagstur. Her kan Destination Hellesøy by på innkvartering i rorbu eller leilegheiter. Gjestehuset har mat frå eit internasjonalt kjøkken, og er saman med Butikken på Hellesøy ein naturleg samlingsstad for innbyggjarane og dei som besøkjer nordre Øygarden.

Lyngøy, Hernar, Sanden og Nordøysund
Ein kort båttur nord for Hellesøy finn du dei idylliske øyane Lyngøy, Hernar, Sanden og Nordøysund. Du kan velje å ta ein rundtur med båten, eller ”øyhoppe”. På desse øyane nord for Hellesøy er det berre på Hernar det er fastbuande (tolv innbyggjarar). Landhandelen her held ope etter rutetidene, og dei som kjem med båten får gjerne ein kopp kaffi når dei er innom. Hernar har vore eit knutepunkt for ferdsla til Vesterhavsøyane sidan norrøn tid og ein viktig handels- og gjestgivarstad dei siste hundreåra. Engasjerte folk frå Øygarden formidlar gjerne frå saga-øya Hernar. Ta kontakt med Kystmuseet for å gjere avtale om historieformidling.

FINN FRAM
Rutebussen (470-479) går frå busstasjonen i Bergen (perrong 11-12) eller frå Olav Kyrresgate (ved Peppe’s). Om du kjøper bussbillett til Hellesøy, kan du gå av bussen, besøkje Kystmuseet, og ta bussen vidare til Hellesøy same dag. Nedanfor har vi sett opp forslag til tre rundturar med utgangspunkt i buss frå Bergen og båt frå Hellesøy (mai-august). For andre tidspunkt, sjå www.skyss.no. Kystmuseet har stengt på laurdagar.

Rundtur 1: Bergen - Kystmuseet - Hernar - Bergen
Rundtur 2: Bergen -Hernar – Bergen
Rundtur 3: Bergen - Kystmuseet – Bergen


  • Last Updated:
  • Source: Bergen Reiselivslag

General

Discount
  • Bergenskortet
Click to activate
Øygarden, Norway
The latitude and longitude
60° 34' 0" N / 4° 51' 52" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad