Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway

Fjord Norway Vestland SOLUND

Øyhopping med postbåten - Solund, Bulandet, Værlandet

  • +47 57743000
  •  /  km From You
Overview
Details

Bli med den lokale postbåten på øyhopping til Solund, Bulandet og Værlandet - ein flott rundtur blant dei vestlegaste øyene i Norge.

Bli med den lokale postbåten på øyhopping til Solund, Bulandet og Værlandet! Dette er ein flott tur blant dei vestlegaste øyene i Norge. Her kjem du tett på det spektakulære landskapet med tusenvis av øyer, holmar og skjær. 
Postbåten "Stjernsund" startar turen frå Hardbakke i Solund. Herfrå går turen stort sett i roleg farvatn, og ein passerer tronge sund og mange små øyskattar. Båtføraren guider undervegs. Her kjem ein tett på natur og dyreliv – nise, kobbe og havørn er ikkje uvanlege syn på turen!
Fiskevêret Gåsvær
Båten stoppar der det er postlevering eller passasjerar. Siste stopp på den ordinære postruta er det idyllliske fiskevêret Gåsvær, og her får ein moglegheit til å gå på land. Gåsvær er ein gammal handelsstad, og ein får møte det lokale vertskapet. Her er det mogleg å kjøpe seg ein kopp kaffi og noko å bite i.
Etter stoppet på Gåsvær fortsetter båten nordover til Bulandet og Værlandet i Askvoll kommune. Her går du av båten, og kan utforske øyene på eiga hand. 6 bruer og 5 km med veg knyt øyene saman, og det er ypparlege forhold for sykling!  Vi anbefalar å starte med lunsj på ein av kafeane ved hamna, før ein leiger sykkel og utforskar øyene. Besøk utsiktspunkt, kunstutsal, det lokale bygdemuseet eller berre nyt den vakre naturen!   
Postbåten
Postbåten går mellom Hardbakke og Bulandet, mandag til fredag i sommarsesongen
​​​​11.00 Avgang med Postbåten frå Hardbakke i Solund
12.30 Ankomst til Gåsvær
13.00 Avreise frå Gåsvær
13.45 Ankomst Nikøy kai på Bulandet
Rundtur
Det er mogleg å ta postbåten i retur frå Bulandet til Hardbakke kl. 15.30. Øyhoppingsturen eller liknande turar kan bestillast resten av året på førespurnad.   
Dagstur eller fleirdagstur
Det er mogleg å reise på øyhopping som ein dagstur frå mellom anna Bergen, Florø og Måløy, eller ta turen over fleire dagar. For å få god tid til å nyte naturen og utforske øyriket, anbefaler vi å ta turen over fleire dagar. Det er fleire overnattingstilbod både i Solund og på Bulandet og Værlandet. Vi anbefalar å booke overnatting på førehand. Start gjerne med nokre dagar i Solund, før du tar øyhoppingsbåten til Bulandet & Værlandet og tilbringer nokre dagar her.
Godt å vite
Kle deg etter vêret, då ein kan sjå seg om utandørs på deler av turen. Hugs gode sko og ei vind- og vanntett jakke, vêret kan skifte brått.
På Gåsvær og Bulandet er det mogleg å kjøpe mat og drikke. Hugs kontantar, då det ikkje er mogleg å betale med kort på Gåsvær.
Det er mogleg å ta ein buss frå Krakhella til Hardbakke. Det går ein buss frå Krakhella 10.20 mandag - fredag som korresponderar med ekspressbåten frå Norled. Det er også mogleg å ta ein buss frå Bulandet til Værlandet. Bussen går frå Bulandet kai kl. 15.50 mandag - fredag, og kjem til Værlandet 16.15. På kringom.no finn du rutetider for buss og båt i Sogn og Fjordane. 
Det er flotte forhold for sykling mellom Bulandet og Værlandet. Joker Bulandet ligg like ved der postbåten legg til kai og her kan du leige sykkel. Vi anbefaler å reservere sykkel på førehand ved å ringe 57 73 21 44. Etter å ha sykla 11 kilometer frå Bulandet til Værlandet kan du levere sykkelen på Værlandet Handel. Du bør rekna om lag 2 timar på sykkelturen frå Bulandet til Værlandet. Om du ønskjer å ha med deg din eigen sykkel og skal reise kollektivt er det ein svært begrensa kapasitet på bussen frå Krakhella - Hardbakke. Ta kontakt med turistinformasjonen på telefonnummer 577 43 000 for meir informasjon og plassbestilling. 
Du kan lese meir om sykkel og øyhopping her. 
Reiseforslag
Dagstur frå Bergen
Det er mogleg å reise på øyhopping som ein dagstur frå Bergen. På sommaren kan du kjøpe rundturbillett på GoFjords eller turistinformasjonen i Bergen.
08.00 - ekspressbåt frå Bergen til Krakhella
10.15 - ankomst Krakhella
10.20 - buss frå Krakhella til Hardbakke
11.00 - avreise med postbåten "Stjernsund" frå Hardbakke 
12.30 - ankomst Gåsvær
13.00 - avreise Gåsvær
13.45 - ankomst Bulandet
15.50 - avgang buss frå Bulandet
16.30 - avgang ferje frå Værlandet til Askvoll
17.40 - ekspressbåt frå Askvoll
20.45 - ankomst Bergen
Dagstur frå Selje
Reiser du frå Selje, Måløy, Smørhamn, Florø eller Askvoll kjøper du delbilettar undervegs på turen.
06.50 - ekspressbåt frå Selje
07.20 - ekspressbåt frå Måløy
08.05 - ekspressbåt frå Smørhamn (Bremanger)
08.35 - ekspressbåt frå Florø
09.15 - ekspressbåt frå Askvoll
09.50 - ankomst Krakhella
10.20 - buss frå Krakhella til Hardbakke
11.00 - avreise med postbåten "Stjernsund" frå Hardbakke
12.30 - ankomst Gåsvær
13.00 - avreise Gåsvær
13.45 - ankomst Bulandet
15.50 - avgang buss frå Bulandet
16.30 - avgang ferje frå Værlandet til Askvoll
19.05 - ekspressbåt frå Askvoll
19.55 - ankomst Florø
20.20 - ankomst Smørhamn
21.10 - ankomst Måløy
21.40 - ankomst Selje
Dagstur frå Sogn
Reiser du frå Sogn kjøper du delbilettar undervegs på turen.
07.05 - avreise Sogndal
07.30 - avreise Leikanger
07.50 - avreise Balestrand
08.05 - avreise Vik
08.50 - avreise Nordeide
09.20 - avreise Lavik
09.40 - ankomst Rysjedalsvika - båtbytte til nordgåande ekspressbåt
09.50 - avreise ekspressbåt frå Rysjedalsvika
10.15 - ankomst Krakhella i Solund
10.20 - buss frå Krakhella til Hardbakke
11.00 - avreise med postbåten "Stjernsund" frå Hardbakke
13.45 - ankomst Bulandet
15.50 - avgang buss frå Bulandet
16.30 - avgang ferje frå Værlandet til Askvoll
17.40 - ekspressbåt frå Askvoll
18.35 - ankomst Rysjedalsvika - båtbytte til sognebåten
19.00 - ankomst Lavik
19.30 - ankomst Nordeide
20.10 - ankomst Vik
20.30 - ankomst Balestrand
20.50 - ankomst Leikanger
21.20 - ankomst Sogndal


  • Last Updated:
  • Source: Visit FjordKysten

Generelt

Årstid
  • Høst

Opening hours

Sesong: 26. juni - 25. august

Mandag: 11:00–13:45

Tirsdag: 11:00–13:45

Onsdag: 11:00–13:45

Torsdag: 11:00–13:45

Fredag: 11:00–17:15

Lørdag: Stengt

Søndag: Stengt
See All
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with TripAdvisor
Your Recently Viewed Pages