Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)
Bulandet

Øyhopping med sykkel

Vegen mellom Værlandet og Bulandet er ein populær sykkeltur. Sykkelturen kan kombinerast med ein øyhoppingstur til nokon av dei vestlegaste øyane i Norge!

På den 11 kilometer lange sykkelturen mellom Bulandet til Værlandet syklar du over ei perlerad av bruer. Terrenget er storslått, og du syklar forbi kunstinstallasjonar, sjarmerande sjøbuer og over tronge sund. Frå dei 6 bruene som knyt øyane i saman har du storslått utsikt over øyer og hav.

Du kan leige og levere sykkelen i Bulandet og på Værlandet, noko som gjer det mogleg å sykle ein veg eller tur/ retur. Dersom du syklar direkte kan du rekne om lag to timar på turen mellom Bulandet og Værlandet. 

Kor er Værlandet og Bulandet?

Værlandet og Bulandet er øysamfunna vest for kommunesenteret Askvoll, i Askvoll kommune. Ta ferja som går frå Askvoll til Værlandet, eller reis med postbåten som går mellom Solund og Bulandet frå midten av juni til midten av august.

Kor kan eg leige sykkel på Bulandet og i Værlandet?

Butikkane Joker Værlandet og Joker Bulandet ligg i kvar sin ende av det vakre øyriket Værlandet og Bulandet. Joker Værlandet er lett tilgjengeleg når du kjem med ferje frå Askvoll, og Joker Bulandet er lett tilgjengeleg når du øyhoppar mellom Solund og Bulandet i sommarsesongen. Du kan leige og levere sykkel på kva som helst av dei to butikkane - du kan med andre ord velje om du ønskjer å sykle ein veg eller fram og tilbake. Det er anbefalt å reservere sykkel på førehand ved å ringe til staden du ønskjer å leige sykkel i frå. 

Værlandet Handel - tlf. 57 73 01 20

​Joker Bulandet - tlf. 57 73 21 44.

Kan eg overnatte medan eg øyhoppar med sykkel?

Ja, og det er fleire overnattingstilbod både på Værlandet, i Bulandet og i Solund. Vi anbefaler å booke overnatting på førehand og ta turen over fleire dagar. Start med nokre dagar på Værlandet og i Bulandet, før du tar øyhoppingsbåten til Solund og tilbringar nokre dagar her.

Kan eg reise på dagstur frå Bergen?

Det er mogleg å reise på øyhopping med sykkel som ein dagstur frå Bergen. Kjøp billettar til ekspressbåten på norled.no eller på Strandkaiterminalen i Bergen. Billettar til postbåten kan du bestille her. Billett til buss og ferje kjøpast om bord. Om du ønskjer å ha med deg din eigen sykkel på den kollektive transporten er det ein svært begrensa kapasitet på bussen frå Krakhella - Hardbakke.

Ta kontakt med turistinformasjonen på tlf: 577 43 000 for meir informasjon og plassbestilling.

OBS

Øyhopping med postbåten går kun frå midten av juni til midten av august. Resten av året vil postbåten kun gå i Solund. Det er mogleg å booke båten privat om de ønskjer å arrangere øyhoppingstur utanom sesong.

Les meir om øyhopping med postbåten her

Verdt å få med seg

Bli med på guida tur på Værlandet og Bulandet med Ruth Bakke

Bulandet Temapark.

Halsøyhågen, utsiktspunkt i Bulandet.

Skulptur på Hillersøyhågen i Bulandet.

Havsalaten kjøkken & bar på Nikøy kai i Bulandet

Kilde: Visit FjordKysten

0

Øyhopping med sykkel

Sider du nylig har besøkt