VIKTIG! Les denne informasjonen om Koronaviruset og reising i Norge
Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway

Fjord Norway Vestland SOLUND

Øyhoppingstur til Nord Solund

  • +47 97018145
  •  /  km From You
Overview

Opplev historiske Buskøy. Bli kjend med historien og nyt den vakre naturen heilt ute i havgapet i Nord Solund. Kjøp billetter her.

Opplev historiske Buskøy. Bli kjend med historien og nyt den vakre naturen heilt ute i havgapet i Nord Solund.

Frå Hardbakke kan du bli med båten Solvik på øyhoppingstur i Nord Solund. Båten vil stort sett gå i roleg farvatn der ein passerar tronge sund og små bustader. Båtførar guider undervegs. Båten stopper på Buskøy der ein får guida omvising på den gamle handelsstaden. Her får du innblikk i stadens historie og dei ulike verksemda som har vert drevet på den gamle handelsstaden. Etter stoppet på Buskøy fortsetter turen gjennom dei små øysamfunna før den går i retur til Hardbakke.

TURBESKRIVING
Båten går frå Hardbakke til Buskøy med retur Hardbakke søndag frå 2. august til 16. august 2020.

11.15 Avgang med båten frå Hardbakke i Solund
12.00 Ankomst Buskøy med guida tur på den gamle handelsstaden
13.00 Avreise frå Buskøy
14.00 Ankomst Hardbakke

GODT Å VITE
Kle deg etter vêret, då ein kan sjå seg om utandørs på turen. Hugs gode sko og ei vind- og vanntett jakke, vêret kan skifte brått.

Det er mogleg å gjere turen om til ein dagstur. Det går ein ferje frå Rysjedalsvika klokka 09.05 og Rutledal 09.30. Ferja er på Krakhella klokka 10.10 og du vil ankomme Hardbakke rundt klokka 10.40. Du vil vere tilbake frå turen rundt klokka 14.00 og vil ha god tid til ferja som går tilbake til Rutledal og Rysjedalsvika 15.20.

HISTORIA OM BUSKØY

Heilt tilbake til siste del av 1600-talet bygde Fredrik Busch opp ein stor handelsstad med eit stor herskapshus, borgstove, fleire handelsbuer, jektenaus og jektehamn. Her fekk han kongeleg bevilling av Kong Fredrik IV til å drive «Kræmmerleie og gjestgivarverksemd» på Buskøy i 1705. i 1849 kjøpte Hans Christian Hess Buskøy, og sidan har Buskøy vert i Hess-familiens eige.

Staden fekk tidleg postopneri, dampskipekspedisjon og telegrafstasjon. Georg Balchen Hess bygde Sveitserhuset, som fortsatt er hovudhuset på Buskøy. Seinare har driftige folk på øya drevet taremottak, fiskemottak, lakseoppdrett og steinindustri.


TURSTIAR PÅ BUSKØY
Kom tett på den vakre naturen på Buskøy. Turstiane på Buskøy viser deg kystnatur nær storhavet. Finn roen medan du vandrer i naturen over fargerike konglomeratberg, langs stille vatn og lune viker til lyden av bruset frå storhavet i vest.

Nyt fantastisk panoramautsikt frå alle retningar. Her kan du sjå dei karakteristiske seglingsmerka Alden og Kinnaklova i nord, Norges vestlegaste fyr Utvær i vest, og i det fjerne – det endelause storhavet.


  • Last Updated:
  • Source: Visit FjordKysten

Price

Description Price*
Voksen Vaksen/Honnør 500,00 1 dag
Barn u 16år Barn 4-16 250,00 1 dag
Barn u 4 år Barn 0-3 år 0,00 1 dag
* Price from
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with TripAdvisor
Your Recently Viewed Pages