Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Åmdals Verk

Åmdals Verk Gruver

  • +47 35069090
  •  /  km From You
Overview
Details

Spennande kopargruver i eit lite samfunn bygd opp kring gruvedrifta. 

Åmdals Verk Gruver er bygd opp kring arbeidarkulturen som koparverket la grunnlag for.

Historia går tilbake til slutten av 1530-talet, då kong Kristian 3. av Danmark/Noreg sendte tyske bergmenn til Telemark for å starte gruvedrift. Det fyrste bergverket vart kalla Moisesberg. Dette ligg ikkje langt frå Åmdals Verk, men drifta her vara berre til rundt 1549.

Malmgangane på Åmdals Verk vart funne i 1689. Johan Pettersen Bergmann, borgarmeister i Christiania, søkte 29. mars 1690 "Oberbergamtet" i Kongsberg om privilegiar for Åmdal koparverk.

Gruvedrift på Åmdals Verk

I 1691 kom drifta i gang. Bergmann mista livet i eit forlis i 1701, og det gjekk gradvis nedover med drifta til ho skal ha blitt stansa i 1712. Koparverket har etter den tid hatt mange ulike eigarar, med korte og ofte lite lønsame driftsperiodar. Lang veg til kysten og høge fraktkostnader gjorde drifta vanskeleg.

Verket hadde ein gullalder i andre halvdel av 1800-talet, med kontinuerleg drift gjennom fleire tiår. I 1870- og 1880-åra blei det investert i nytt utstyr som auka effektiviteten. Toppåret i perioden var 1884, med over 300 tilsette. Fram til 1907 hadde verket eigen skule. I tillegg hadde dei fattigvesen og eigen lege ved verket.

Siste driftsperioden var under 2. verdskrigen. Okkupasjonsmakta kravde full drift gjennom heile krigen, verket blei ein Wehrwirtschaftsbetrieb. Etter freden i 1945 blei gruvedrifta lagt ned for godt. Sidan starten i 1691 har det blitt tatt ut om lag 1 million tonn bergmasse, og truleg utvunne meir enn 8 000 tonn kopar.

Gruvene vart "hjarta" i ei urbanisert fjellbygd der gruvearbeidaren sin kvardag var avhengig av gode malmførekomstar og politiske tilhøve ute i Europa.

Spanande gruvevandring
Omvisarar tar deg med på ei spanande gruvevandring som syner synkar, strosser og tilhøve gruveslusken arbeidde under. NB! Temperaturen i gruva er jamnt 6 gradar - ta med gensar eller jakke!

Mange avanserte mekaniske modellar viser korleis den omfattande prosessen frå malm til kopar gjekk føre seg.

I museet er det også ein stor geologiutstilling, som er utvida i 2015.

Gruveområdet er omkransa av flott natur, turstigar og er rikt på mineralar. Det er ei eiga lita gruve for born der dei kan finne stein.


Museet er ope i sommarsesongen, sjå datoar til høgre og prisar nedanfor.

Ta kontakt med Vest-Telemark Museum for gruppeomvising utanom sesong.

E-post: post@vtm.no

Tlf. 35069090


  • Last Updated:
  • Source: Vest Telemark

Overnatting

Hotellfasiliteter
  • Familievennlig

Plenlegg reisen

Tjenester
  • Familievennlig
  • Gratis WiFi

Aktiviteter

Fornøyelsesparker
  • Familievennlig
Click to activate
Tokke, Norway
The latitude and longitude
59° 22' 16" N / 8° 2' 1" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad