Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Hjelmeland

Øyafossen - fottur til Trodla-Tysdal

  • +47 51759510
  •  /  km From You
Overview
Details

Øyafossen ligg ved stien frå Vormedalen til Trodla Tysdal i Hjelmeland i Ryfylke.

Adkomst: Eigen transport frå Tau på Rv 13 til Hjelmeland, deretter Fv 660 frå Hjelmeland til Meland og kommunal veg til parkeringsplass (fri parkering) ved Kleivaland i Vormedalen. Halvtannan times køyring totalt. Merka sti frå Kleivaland forbi dei nedlagde gardsbruka Kløv, Ritland og Helgaland som ligg 333 m.o.h.

Frå Helgaland går stien nedover mot Tysdalsvatnet. Her passerer ein Øyafossen som går ned i eit juv, før ein kjem ned til garden Trodla-Tysdal etter to timars fottur frå Kleivaland. Garden ligg på ei vid og open elveslette omkransa av 900 meter høge fjell.

Dette er den mest avsidesliggjande garden i Hjelmeland som er i drift. Garden har lakseelv og vatn med aure. Her er hytte med 17 senger som blir drive i samarbeid med Stavanger Turistforening.

Tar ein turen til Tengesdalsvatnet får ein også med seg "Hans Nilsen Hauge"-veien og Lensmannshidleren. To timar kvar veg til Trodla-Tysdal. Frå Tysdal er det merka sti over fjellet til Viglesdalen. Det kan leigast båtskyss frå Trodla-Tysdal over vatnet til Valheim i Årdal. (Eigen transport tilbake til kleivaland.)

Turkart er tilgjengeleg på turistkontoret, eller du kan klikke her for pdf.


  • Last Updated:
  • Source: Region Stavanger

Generelt

Vanskelighetsgrad
  • Lett
Landskap
  • Skogsområde
Årstid
  • Hele året
  • Høst
  • Vår
  • Sommer
  • Vinter

Utendørsaktiviteter

Fottur
  • Merkede turstier
  • Korte vandreturer (1-4 timer)

Plenlegg reisen

Reiseinformasjon
  • Parkering
Click to activate
Hjelmeland, Norway
The latitude and longitude
59° 11' 22" N / 6° 23' 39" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad