Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Vinje

Øyfjell bygdemuseum

  • Øyfjell, Vinje
  • +47 35069090
  •  /  km From You
Overview
Details

Øyfjell Bygdemuseum har ei rik samling med reiskap, drakter, rosemåling, husgeråd og ymse snurrepiperi.

Øyfjell Bygdemuseum har ei rik samling med reiskap, drakter, rosemåling, husgeråd og ymse snurrepiperi. Her kan du mellom anna sjå Noregs største ølhøne.

Museumsbygningen er svært spesiell. Reist i kila granitt vart han bygd i 1931 for å kunne stå til evig tid. Museet har og eit gardstun med våningshus, eldhus, låve loft, høysel, kamar og badstoge.


Brennevin par avion
Ei sentral oppgåve for musea er å ta vare på gjenstandar og historiene knytt til desse. Dei fleste gjenstandane høyrer dagleglivet til, dei kjem i ”slik var det i gamle dagar”-kategorien. Andre gjenstandar er meir ”magiske”, desse har i seg i ei binding til ein særskild person eller hending.

På museet i Øyfjell finst det ein brennevinsdunk og i registerkortet til denne står det: Skal ha høyrt til franskmennene Bèzier og Rollier som under krigen i 1870 fòr i luftballong frå Paris til Lifjell i Bø.


Mostøylstoga
Sommaren 2005 opna Mostøylstoga på Øyfjell Bygdetun med nyrestaurert interiør. Interiøret er påverka av bymotane på slutten av 1800-talet. Stoga representerar ein tradisjon som er sjeldan i Vest-Telemark.

Arbeidshesten
I eit rom i museumbygget og i låven kan ein sjå gjenstandar og bilete knytt til arbeidshesten si rolle i dagleglivet på ein gard - for ikkje så lenge sidan.


Nystog-samlinga
2015 blei ei ny utstilling sett opp i 2. høgda i Museumsbygget. Nystogsamlinga inneheld mykje interiør, møbler og husgeråd frå 1800-talet. Samlinga blei kjøpt av Vinje kommune og visast fram for fyrste gong i eit museum.

Museet er ope i sommarsesongen, sjå datoar til høgre og prisar nedanfor.

Ta kontakt med Vest-Telemark Museum for gruppeomvising utanom sesong.

E-post:post@vtm.no

Tlf: 35069090


  • Last Updated:
  • Source: Vest Telemark

Overnatting

Hotellfasiliteter
  • Familievennlig

Plenlegg reisen

Tjenester
  • Familievennlig
  • Gratis WiFi

Aktiviteter

Fornøyelsesparker
  • Familievennlig
Click to activate
Vinje, Norway
The latitude and longitude
59° 34' 2" N / 8° 11' 5" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad