Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Rong

Øygarden Visningssenter

  • Kystmuseet, Ovågen, Øygarden
  • +47 56385050
  •  /  km From You
Overview

Har du nokon gong blitt vist rundt på ein flytande laksefarm? Vi lover at det er ei fascinerande oppleving for alle som er interessert i det store norske sjømateventyret. Tenk deg når havet kokar av 100.000 sprelske aurar som får frokost!

Har du nokon gong blitt vist rundt på ein flytande laksefarm? Vi lover at det er ei fascinerande oppleving for alle som er interessert i det store norske sjømateventyret. Tenk deg når havet kokar av 100.000 sprelske aurar som får frokost!

Men vent no litt. Turen startar i Saltebua med fotografisk innføring i livet til ein laks. Deretter går turen i open rib-båt ut til flåtestasjonen der du får omvisning på eit moderne, kommersielt fullskalaanlegg for oppdrett av laks og aure.

I visningsromet får du lære om næringa gjennom installasjonar, plansjar og film. Og når vitebegjæret et vekt, står dei som jobbar på anlegget klar med svara. Korleis blir yngelen frakta hit og sett ut i merdane? Kor stor er fisken då, og kva vert den fôra med? Kor fort veks den og når er vekstforholda i sjøen optimale? Du vandrar på "hengebruene" langs merdane og lurer på kor mange middagar det finst der nede i djupet. Er det verkeleg sant at denne eine laksefarmen i Øygarden produserer meir mat enn dei aller største kvegfarmane i Argentina? Dette er ein tur der du får tett innsyn i fiskeoppdrett, kyst-kultur og lokal historie.

På Kystmuseet får du oppleva Øygarden si ressurahistorie gjennom 10.000 år. På land og i båten kring sjøanlegget kan du få vite meir om det tradisjonelle laksefiske i Øygarden og overgangen til det moderne havbruket. Båten har plass til 13 personar inkl. førar.

FASILITETAR
Tilbod om guida båttur med hurtiggåande rib-båt. Open kafé på Kystmuseet med servering av tradisjonell mat. Det er òg muleg å tinga lunsj eller middag med velsmakande sjømat. Dei som ønsker det kan leiga møterom ute på visningsanlegget.


  • Last Updated:
  • Source: Bergen Reiselivslag
Click to activate
Øygarden, Norway
The latitude and longitude
60° 34' 0" N / 4° 51' 52" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad