Årbakka

Årbakka gjestehamn

  • Besøk nettsiden

  • Besøk oss på Facebook

  • Besøk oss på Instagram

  • +47 41633806

  • Årbakka handelsstad

    Tysnes, Vestland

    Vis i kart

Årbakka Handelsstad er ein klassisk, vestlandsk handelsstad, med handelsbu, smie og sjøbu. Her kan ein legge til langs gjestebryggja med eigen båt.

Handelsstaden vart etablert i 1898. Smie og sjøbu måtte byggjast nye etter brann i 1929. Her har vore dampskipsekspedisjon og postkontor. I 1960 blei handelsverksemda flytta opp til hovudvegen. Bygningane står innvendig og utvendig omlag slik dei var på 30-talet. I sjøbua er det plata mellom veggstolpane for å gjere lokalet eigna til kunstutstillingar.

Bygningar: sjøbu/galleri, kystlaget si utstilling i smio, og handelslokala i første høgda i hovudhuset. Det som skil denne handelsstaden frå andre liknande tiltak, er at den er næraste nabo til eit gravfelt frå eldre jarnalder med fleire bautasteinar.

I sommarsesongen har Årbakka Handelsstad utstillingar i sjøbuo.

På vegen ned mot området står ei informasjonstavle.

God parkering (òg for bussar) 30 meter frå anlegget, skilting ved hovudvegen. I den gamle butikken kan du få kjøpa kaffi og vaflar, gammaldagse drops og sukkerkandis, is og handverksprodukt.

Fasilitetar som toalett, dusj og vaskemaskin er kun tilgjengeleg i opningstidene.

    Kilde: Region Sunnhordland