




Liten og koseleg camping rett ved Bandak. Plassert mellom idyllisk badestrand og bryggje for båtane på Telemarkskanalen.
Bandak Camping ligg vakkert til ved breidda av Bandak i Lårdal, midt i den historiske Telemarkskanalen. Her kan du senke skuldrane og nyte rolege omgjevnader – anten du kjem med båt, bil eller til fots.
Om sommaren tilbyr me enkel og god servering – perfekt for deg som vil ha noko å bita i etter ein tur på fjellet eller ein dag på vatnet. Menyen varierer gjennom sesongen og kan innehalde alt frå lokal snacks og is til varme rettar, kaffi og forfriskingar. Du kan nyte maten ute med flott utsikt over Bandak, eller ta han med deg vidare på ferda.
Me har også hytteutleige, bubilplassar og camping.
Velkomen til ein triveleg stopp ved Bandak Camping!
Kilde: Vest Telemark