





Ein krevjande, men fantastisk fjelltur til Englafjell. Frå toppen får du ein praktfull utsikt.
Uskedalen.
Folgefonna nasjonalpark.
Frå P-plassen følg rv 48 ca 300 m over brua til vegkryss med skilt til Musland. 100 meter langs den flotte steingarden som høyrer til Kapteinsgården. Merkinga startar ved gardsløa i svingen.
Gamleskulen i sentrum. Stor P-plass med informasjonstavle for Uskedalen.
Informasjonstavle ved løa. T-merka med skilt og vardar.
Svart, 4 støvlar etter DNT-system
10 – 1200 moh
7 timar t/r.
Skogsvegen i starten av turen kan vera litt blaut. Sjå også omtale for alternativ rute "Englafjell frå Eik" som opnar for ein fin rundtur.
Frå starten ved gardsløa gå vegen forbi gardstunet, gjennom grind og inn på skogsveg. Følg skogsvegen ca 300 m. Ta deretter av mot venstre og følg merkinga gjennom tett granskog og etter kvart noko bratt. Over tregrensa praktfull utsikt som vert betre og betre jo høgare du kjem.
Kilde: Region Sunnhordland