









Flåm Restaurant ligg midt i Flåm sentrum med utsikt til Aurlandsfjorden
Det er kort veg frå Flåm sentrum og Flåmsbana til Flåm Restaurant. Med utsikt mot hamna og Aurlandsfjorden inviterer restauranten til gode matopplevingar i stilfulle omgjevnader der maten, stemninga og opplevinga får ta den plassen dei fortener.
I Flåm Restaurant står kortreiste råvarer, sesongens smakar og den gode stemninga rundt bordet i sentrum. Her kan du nyte frukostbuffet, medan sommarsesongen byr på lunsjbuffet og middag à la carte med fokus på kvalitet og råvarer frå regionen.
Om sommaren inviterer Flåm Restaurant til Bubbles & Bites — eit smakfullt konsept med smårettar, sprudlande drikke og lokale smakar servert i avslappa omgjevnader ved fjorden. Her kan du nyte noko godt i glaset, lette bitar og sosiale stunder, enten du ønskjer ein pause gjennom dagen eller ein smakfull start på kvelden.
Kilde: Visit Sognefjord AS