Flåm

Flåmsbrygga Hotell & Leiligheiter

  • Flåmsbrygga Hotell
  • Flåmsbrygga Hotell
  • Flåmsbrygga Hotell
  • Flåmsbrygga Hotell Lobby
  • Flåmsbrygga Hotell Conferance
  • Flåmsbrygga Hotell
  • Flåmsbrygga Hotell Svinekjake
  • Flåmsbrygga Hotell
  • Flåmsbrygga Hotell
  • Flåmsbrygga Hotell
  • Besøk nettsiden

  • Besøk oss på Facebook

  • Besøk oss på Instagram

  • Send oss en epost

  • 57 63 20 50

  • A-Feltvegen 19

    Aurland, Vestland

    Vis i kart

Miljøsertifiserte reiseaktører

Miljøsertifisering av private og offentlige foretak, også turisme.

Flåmsbrygga Hotell & Leiligheiter - Eit intimt hotell i hjarta av Flåm

Flåmsbrygga Hotell & Leiligheiter - Eit intimt hotell i hjarta av Flåm



Flåmsbrygga Hotell er eit lite og personleg hotell ved hamna i Flåm, omgitt av fjord, fjell og det beste bygda har å by på. Her møter rustikke detaljar moderne komfort i ei lun og avslappa atmosfære.



Dei totalrenoverte romma er innreidde i lyse, varme tonar med mjuke tekstilar og komfortable senger som set ramma for eit godt opphald. Hotellet har rom i ulike kategoriar, og fleire rom har balkong og utsikt mot Aurlandsfjorden.



Flåmsbrygga tilbyr oġ moderne og sjølvbetente leilegheiter og rom med tilgang til kjøkkenfasilitetar, berre få skritt frå Flåmsbana. Einingane varierer i storleik og kombinerer moderne komfort med gode fasilitetar og nærleik til alt Flåm har å by på — enten du reiser som par, familie eller vennegjeng. Her ligg alt til rette for komfortable opphald tett på fjord, aktivitetar og livet i sentrum.



Som familiedrive hotell legg vi stoltheit i ekte vertskap, personleg service og dei små detaljane som gjer opphaldet ekstra godt. Med Ægir Gastropub, Flåm Restaurant, Fjord Bistro og opplevingar rett utanfor døra er Flåmsbrygga eit naturleg utgangspunkt for overnatting i Flåm – heile året.






  • Sommer
  • Vinter
  • Vår

Kilde: Visit Sognefjord AS