Lærdal

Fredag & Fretland Bakeri

  • Fredag & Fretland Bakeri
  • Fredag & Fretland
  • Fredag & Fretland
  • Besøk nettsiden

  • Besøk oss på Facebook

  • Besøk oss på Instagram

  • Send oss en epost

  • 96015161

  • Monsemarki 4

    Lærdal, Vestland

    Vis i kart

Fredag & Fretland Bakeri er lokalisert i Lærdal sentrum med eit rikt utval av nybakte boller og kaker og veldig god kaffi.

Velkomne til bakeriet Fredag & Fretland i Lærdal



Fredag & Fretland er ei familiedriven bedrift med lidenskap til bakst. Eit heilt nytt bakeri opna mars 2022 og lagar dei herligaste smakane til deg.



Her kan du velje mellom ulike typar brød som Landbrød, jordeplebrød, frøbrød, ciabatta og rundstykker. Tenkjer du heller på noko meir søtt så er det eit rikt utval i bakst som kanleboller, skulebolle, mandelcroissant, wienerbrød, chocolate chip coookie, gulrotkake med meir.



På Fredag & Fretland kan du også bestille deg lunsj der du kan velje mellom ulike typar Sandwich med omelett, med ost og spekeskinke, BLT, karrikylling eller den glutenfrie varianten Chia bowl.



På drikkefronten må du prøve Eplejuice frå Lærdal som er meget god eller andre typar mineralvatn.



Utkøyring



Fredag & Fretland har også utkøyring av varer der du inne på web sida kan bestille det du ynskjer og Fredag & Fretland kjem rundt i Sognefjorden og levera det du har bestilt. Føl med på Sosiale Media eller web sida når neste levering er.



Ope onsdag - søndag frå 10:00 - 16:00


Kilde: Visit Sognefjord AS