Espevær
Gamleposten 5444 på Espevær er ein serveringstad med kortreiste smakar og historier. Lokale tradisjonar, historie og smakar som gjev ekte matglede.
Kilde: Region Sunnhordland





Gamleposten 5444 på Espevær er ein serveringstad med kortreiste smakar og historier. Lokale tradisjonar, historie og smakar som gjev ekte matglede.
Gamleposten 5444 – skap magiske augeblikk
Gamleposten 5444 på Espevær er ein serveringstad med kortreiste smakar og historier. Visjonen er dyrka på lokale tradisjonar, historie og smakar som gjev ekte matglede. Søskena Silje, Rollaug og Torstein er oppvaksne på Espevær. Dei har alltid vore sterkt knytte til heimplassen sin. Dei starta firmaet Gamleposten5444 hausten 2015, og kjøpte det gamle tunet i Garden i november 2015.
Gamleposten skreddarsyr opplevingane og menyane saman med deg.
Bestilling må gjerast på førehand.
Sesongen til Gamleposten er i hovedsak påske og gjennom sommaren.
Elles er det ope for grupper (må bestillast).
Sjå nærare info om opningstidene med meir på nettsida til Gamleposten 5444.
På den bilfrie øya Espevær kan du også besøkje Hummarparken, ta kabelferja, gå tur eller berre oppleve den gode atmosfæren.
Velkommen til Gamleposten 5444!
Kilde: Region Sunnhordland