Tafjord

Guidet fottur til Bispevatnet frå Trollstigen

  • Besøk nettsiden

  • Besøk oss på Facebook

  • Besøk oss på Instagram

  • Send oss en epost

  • +47 9301484548506002

  • Sjoavegen 21

    Fjord, Møre og Romsdal

    Vis i kart

Blir med Ræin Adventures på denne halvdagsturen fra Trollstigen til Bispevatnet, hvor du kan nyte nistemat og utsikt.

Bli med på ein kort, men spektakulær fottur i fjellområda rundt ikoniske Trollstigen. Ein erfaren guide frå Ræin Adventures tek deg med til Bispevatnet – eit lite fjellvatn omgitt av majestetiske tindar og fossefall. Her ventar rolege naturopplevingar, storslått utsikt og ein tradisjonell, lokal nistepakke du kan nyte ved vatnet.

Fottur i dramatisk fjellandskap

Turen startar og endar like sør for parkeringsplassen ved kaféen på Trollstigen. Herfrå går du saman med guiden på ein rundtur på totalt 3 km med rundt 300 høgdemeter. Rå utsikt, spisse fjell og fjellterreng med solide bergflatar gir ein ekte fjelloppleving – utan at du treng vere topptrent. Undervegs tek de pause ved Bispevatnet, der det blir servert lunsj i det fri.

Praktisk informasjon

– Møtestad: Ved starten av stien på Trollstigen kl. 10.00
– Transport: Kan ordnast frå hotell i Valldal ved behov
– Utstyr: Gode fjellsko med godt grep er anbefalt
– Sesong: 1. juli – 15. september
– Inkludert: Guida tur og tradisjonell lunsj

Kven passar turen for

Turen går i lett til moderat terreng, og passar for alle frå 5 år og oppover som er vand med å gå 3 timar i naturen.

Turen har inga eksponerte punkt, og passar òg for deg som har høgdeskrekk.

  • Guidede turer

Kilde: Ålesund & Sunnmøre