Hellesylt



Hellesylt Boutique & Bar er ein kaffebar, som sel fersk bakst, heimelaga kaker og is frå Kulinaris.
I den gamle bokhandelen på Hellesylt kan du nyte god kaffe medan du les ei god bok. Og ikkje minst slappe av i dei koslege lokala. Det er også anledning til å sete ute på uteområdet.
Utvalet av kaker er spennande og smakfullt. Og mykje er sesongbasert.
Her er også eit spennande utval av diverse varer. Alt frå kaffeposar, julegåver og handlenett med lokale motiv.
Sjekk opningstider på Facebook eller Google.
Kilde: Ålesund & Sunnmøre