





Hylja Lodge er eit tilfluktsstad for deg som ønskjer å trekkje deg attende til fjells – med god tid til å berre vere.
Hylja Lodge opnar for gjester frå sommaren 2026 og ligg som ei stille hemmelegheit mellom Rondane og Jotunheimen, nesten 1000 meter over havet. På ei gamal familiedriven seter over Lalm i Gudbrandsdalen møter du fjellro, levande setertradisjonar og eit landskap forma av generasjonar med drift.
Gjester bur i eksklusive, arkitektteikna gjetarbuer, diskret plasserte i terrenget og kledde i skifer og naturmateriale. Med få einingar og god avstand mellom husa er privatliv, stillheit og nærleik til fjellet sentralt. Inne møter røff utside mjuk komfort, med material og fargar henta frå naturen rundt.
Seterkjøkkenet lagar all mat frå botnen, med lokale råvarer og ein liten, sesongbasert meny som speglar årstidene og seterlivet. Maten er enkel, raus og laga med omtanke.
På Hylja kan du senke tempoet. Badstue og badestamp ligg med utsyn mot fjella og kan nyttast av både overnattingsgjester og dagsgjester, i rolege rammer og små grupper. Kontrasten mellom varme og frisk fjelluft er ein del av opplevinga – sommar som vinter.
Blant opplevingane finn du alpakkavandring i seterlandskapet rundt Hylja, der tempoet er roleg og fokuset ligg på nærvær, natur og stillheit.
Hylja Lodge er eit tilfluktsstad for deg som ønskjer å trekkje deg attende til fjells – med god tid til å berre vere.
Accessibility information
Kilde: Nasjonalparkriket Reiseliv AS