Førde I Hordaland

Kaien gjestehamn i Førde

  • Besøk nettsiden

  • Besøk oss på Facebook

  • Send oss en epost

  • Tingvegen 74

    Sveio, Vestland

    Vis i kart

I Førde finn du eit moderne kaiområde. Opp bakken frå hamna kjem du inn i den vesle bygda Førde. Her er det fint å rusle seg ein tur.

På kaiområdet i Førde er det over 80 meter djupvasskai i tillegg til ei stor småbåthamn. Kaianlegget er utstyrt med flytebryggjer av betong og har døgnope pumpeanlegg med avgiftsfri diesel og bensin (kortbetaling). Her finn du også fleire uttak for vatn og straum.

Djupvassskaien har kraftige pullertar og rail langs heile kaien. Dekk som fendring. Flytebryggjene har innstøypte fortøyingsøyer og trekant. Rikeleg med postar for vatn og straum på heile kaianlegget.

Meir informasjon finn du på facebooksida til Kaien.



Kilde: Region Sunnhordland