Finnås

Kulleseidkanalen Hotellhytter

Bestill
  • Hotellhytter
  • Dronebilde - overblikk
  • Seng
  • Kjøkken
  • Baderom
  • Besøk nettsiden

  • Send oss en epost

  • +47 53 42 11 00

  • Kanalvegen 24

    Bømlo, Vestland

    Vis i kart

Kulleseidkanalen Gjestehamn tilbyr overnatting i hotellhytter. Her får du eit fullverdig hotellrom oppført som hytte i fantastiske omgjevnader.

Kulleseidkanalen tilbyr hotellhytter heile året. Her kan du velge mellom 17 ulike hotellhytter med standard, superior og universell rom.

Informasjon om dei ulike hotellhyttene:

Standard (rom 1-12) er eit triveleg rom med dobbeltseng, stolar, kjøkkenfasilitetar og toalett med dusj.

Superior (rom 13-15) har stove med sofa og TV, soverom med dobbeltseng, stolar, kjøkkenfasilitetar og toalett med dusj. Det er mogleg å laga inntil 4 sengeplassar ved å reia opp sofaen til seng, så også mogleg for familiar å leige denne.


Hotellhytte nr. 16 og 17 er universelt utforma, har ekstra stort bad og er lett tilgjengeleg frå parkeringsplass. Eitt rom med dobbeltseng, TV, stolar, kjøkkenfasilitetar og toalett med dusj.

Alle hytter er utstyrt med TV og WiFi, sengetøy, utvask og handkle er inkludert.

Frukost er inkludert i prisen mandag til og med fredag. Frukosten finn du i restauranten vår frå kl 07:00-09:00. Det er ikkje frukost hos oss i helgene grunna andre arrangement.

Kilde: Region Sunnhordland