Hyllestad

Kvernsteinsparken

Bestill
  • Kvernsteinsparken
  • Kvernsteinsparken
  • Kvernsteinsparken
  • Kvernsteinsparken
  • Besøk nettsiden

  • Besøk oss på Facebook

  • Send oss en epost

  • +47 45 87 19 40

Bli med på ei reise tilbake til ei tid då stein var gull. Kvernsteinsparken i Hyllestad tek deg inn i dei største steinbrota frå vikingtida og mellomalderen i Skandinavia.

I Kvernsteinsparken i Hyllestad kan du oppdage av dei fyrste store industriane i Noreg. Her har ein nemleg hogge kvernsteinar i over 1000 år – for hand! Ei vandring i steinbrotslandskapet og museumsbygningane er ei fascinerande oppdagingsferd gjennom geologi, historie og handverkstradisjonar. Ein perfekt dag med læring, utforsking og undring!

Kvernsteinsparken i Hyllestad er landets einaste temamuseum for kvernsteinsproduksjon, og er visingsstad for landets største kulturminne frå viktingtid og mellomalder. Velkomen!

Kvernsteinsparken tilbyr aktivitetar for alle aldersgrupper

Steinhoggarløypa (skilta formidlingsløype)

Mal ditt eige korn med ei handkvern.

Prøv deg som steinhoggar

Prøv steinarbeid med kleberstein.

Vandre ein tur gjennom Trollstien med dei minste

Sesong og opningstider

Parken er ope og bemanna i sommarsesongen: https://misf.no/kvernsteinsparken/planlegg-besoeket-ditt

Guida tur

Omvising for grupper: Eiga omvising for grupper tingast på førehand. Kontakt Kvernsteinsparken per e-post [email protected], eller sjå nettsida for meir informasjon.

Mat, drikke og museumsbutikk

I sommarsesongen kan du nyte kaffi, te og sveler hjå oss. I museumsbutikken kan m.a. du kjøpe eit utval kvalitetsvarer frå lokale produsentar.

Tilrettelegging

Nedre del av parken inkludert parkering og bygningar ligg relativt flatt, og er knytt saman med grusvegar. Delar av steinhoggarløypa og Storehuset er og tilgjengeleg for rørslehemma. Det er ikkje universielt utforma toalett i parken.

Tilkomst

Parken har adresse Hyllestadvegen 402, sentralt i Hyllestad kommune. Eigen p-plass for besøkande.

Kvernsteinsparken er ein av i alt 26 nøkkelstadar for Kystpilgrimsleia, som startar i Egersund og endar ved Nidaros domkyrkje i Trondheim. Er du nysgjerrig og vil vite meir om Kystpilgrimsleia, så besøk nettsida deira.

Kilde: Visit FjordKysten og Sunnfjord