













Leirvassbu er ei betjent DNT-hytte som ligg idyllisk til 1400 moh. i Leirdalen i Lom. Hytta er eit av dei mest populære innfallsportane til Jotunheimens høge fjell og brear.
Leirvassbu ligg ved foten av det karakteristiske fjellet Kyrkja (2032 moh.) - ideelt plassert med tanke på breturar, fjellvandring, toppturar, brekurs, vårskiløping, klatring og fisking. Du kan nå om lag 50 toppar over 2000 moh. på dagstur frå Leirvassbu. Leirvassbu er ein del av Høgruta i Jotunheimen, og den 5. hytta du er innom i løpet av den 5 dagar lange skituren gjennom hjarta av Jotunheimen. Du kan anten bruke hytta som ein stoppestad på ein lengre tur, eller bu her fleire dagar og utforske lokale fjelltoppar. Historia ligg i årstala på veggen: 1875 - 1906- 1957: Leirvassbu har vore eit knutepunkt for fjellvandring sidan den fyrste steinhytta, "Leirvassboden" ved Leirvatnet vart bygd av DNT i 1875. I dag er Leirvassbu ei stor fjellstove som har vore under DNT sin paraply sidan 2023. Den Norske Turistforening har merka ruter som går frå Leirvassbu til alle turisthyttene i området. I vintersesongen kan du fylgje vinterrutene som er kvista. Fjellstova er fyrst og fremst tiltenkt fjellvandrarar. Det blir servert solid frokost der dei som ynskjer det kan smøre niste og fylle termos. På dagtid kan du kjøpe kaffe og kaker eller enkel mat. Resepsjonen har salg av kioskvarer og er ope heile dagen. Om kvelden blir det servert felles tre-rettars middag og vi har bar med alle rettigheitar. Leirvassbu ligg berre 45 km, eller om lag ein time med bil frå Lom sentrum.
Kilde: Visit Jotunheimen AS