Skjolden

N.H.Lerums Saftfabrik AS Handels- og industrumuseum Sørheim, Luster

  • Lerum Museum
  • N.H.Lerums Saftfabrik
  • N.H.Lerums Saftfabrik
  • N.H.Lerums Saftfabrik
  • N.H.Lerums Saftfabrik
  • Besøk nettsiden

  • Besøk oss på Facebook

  • Send oss en epost

  • 47 24 05 80

  • Sørheim

    Luster, Vestland

    Vis i kart

I 1909 bygde Kari og Nils H. Lerum Safthuset på Sørheim. Her starta dei saftproduksjon i industriell samanheng.

N.H. Lerums Saftfabrikk AS på Sørheim



Den første Lerum safta vart kokt ein augustdag i 1907 i den vesle grenda Leri på Sørheim i Luster i Sogn. Kari og Nils Hansson Lerum dreiv landhandel, Bui, og tok imot bær frå bøndene i området. Bæra vart sende vidare med båt til Bergen. Ein dag vart to stampar med bringebær ståande att på kaia, desse vart det laga saft av. Dette vart starten på Lerum eventyret.



Nils hadde drive landhandel i fleire år. To år etter at den første safta vart kokt, vart Safthuset, den første fabrikken opna. I dag framstår både landhandelen og safthuset som museum.



Fabrikken frå 1907 vart restaurert til 90 årsjubileumet til Lerum i 1997 og står fram slik den var opprinneleg. I 2003 opna den restaurerte landhandelen som Nils og Kari Lerum starta i 1905.



Lerumkonsernet er framleis familieeigd. Det er i dag 4. generasjon som er eigarar. Lerum er ein leverandør av syltetøy, saft og jus.



Omvisning



Vil du sjå korleis fabrikken såg ut for 100 år sida? Kvar sommar kan du bli med på guida tur med historie forteljing. I landhandelen får du sjå korleis handelen føregjekk på den tida.





Korleis kome seg til Sørheim?



Køyr til Solvorn og ta Urnes Ferja over til Ornes. Sjå rutetider her for ferja. Frå Ornes Ferjekai er det 19 km til Sørheim. Ta deg god tid då vegen er smal så her må ein rekne rundt 25 minuttar med bil. Kjem du frå Skjolden så er det 11km til Sørheim, men ein må rekne rundt 15 minuttar i bil då vegen er smal.


Kilde: Visit Sognefjord AS