






I 1909 bygde Kari og Nils H. Lerum Safthuset på Sørheim. Her starta dei saftproduksjon i industriell samanheng.
Den første Lerumsafta vart kokt ein augustdag i 1907 i den vesle grenda Leri på Sørheim i Luster i Sogn. Kari og Nils Hansson Lerum dreiv landhandelen Bui, og tok imot bær frå bøndene i området. Bæra vart sende vidare med båt til Bergen. Ein dag vart to stampar med bringebær ståande att på kaia, og då lagde Kari Lerum saft av desse. Dei sende safta til Bergen, og det vart ein suksess.
Dette vart starten på Lerum eventyret.
Nils hadde drive landhandel i fleire år. To år etter at den første safta vart kokt, vart fabrikken Safthuset opna. I dag framstår både landhandelen og safthuset som museum.
Fabrikken frå 1907 vart restaurert til 90 årsjubileumet til Lerum i 1997 og står fram slik den var opprinneleg. I 2003 opna den restaurerte landhandelen som Nils og Kari Lerum starta i 1905.
Lerumkonsernet er framleis familieeigd. Det er i dag 4. og 5. generasjon som er eigarar. Lerum er ein leverandør av syltetøy, saft og jus.
Vil du sjå korleis fabrikken såg ut for meir enn 100 år sida? Kvar sommar kan du bli med på guida tur med historieforteljing. I landhandelen får du sjå korleis handelen føregjekk på den tida.
Køyr til Solvorn og ta Urnes Ferja over til Ornes. Sjå rutetider her for ferja. Frå Ornes Ferjekai er det 19 km til Sørheim. Ta deg god tid då vegen er smal så her må ein rekne rundt 25 minuttar med bil. Kjem du frå Skjolden så er det 11km til Sørheim, men ein må rekne rundt 15 minuttar i bil då vegen er smal.
Kilde: Visit Sognefjord AS