





Ølmheim Siderhage - smaken av dei beste epla
Frå 13. mai til 17. August tilbyr Ølmheim Siderhage sidersmaking kl 16.00 måndag til laurdag kvar veke. Både forhåndsbestilling og drop-in.
Sigrid og Endre ynskjer deg velkommen til Ølmheim Siderhage. I dei bratte liene langs Sognefjorden er det fantastiske moglegheiter for fruktdyrking. Og på akkurat ein slik plass finn du Ølmheim Siderhage. Garden har vore i Ølmheim familien i godt over 300 år. Frukt har dei alltid hatt og no serverer dei ho i tillegg på flaske.
Siderhagen lager moderne, naturleg og tørr sider. Sideren blir laga på den langsame måten, slik at den får god tid til å utvikle naturlege bobler og aromaer.
Pris er kr. 550 pr person.
Alle under 18 år går gratis og får eit alkoholfritt alternativ. Ein må rekne med 1 ½ - 2 timar.
På ei omvisning får de eit godt innblikk i siderproduksjon og korleis det er å drive gard i landskapet langs fjorden. Omvisninga inkluderer ein runde i frukthagane, produksjonslokalene til sider, innom siderkjellaren og avslutning med smaking av siderane i bestastova frå 1800 - talet.
Ølmheim Siderhage kan i utgangspunktet ta grupper opp til 30 personar. Er det større grupper, ta kontakt så finn dei ei løysing.
Tilkomst med buss
Parkering
Toalett
Enkelt å bevege seg rundt på smakinga
Turmuligheter frå tunet og i nærleiken
Du kan få kjøpt sider og alkoholfri saft til sals i gardsutsalet. Det er ope kl 0830-1800 måndag til laurdag heile året.
Kilde: Visit Sognefjord AS