Øystese

Restaurant Glime - Hardangerfjord Hotel

Bestill
  • christer legger opp mar, kredvisithardangerfjord
  • Kred VH
  • Kylling HFH_KredMarkantNorge
  • Besøk nettsiden

  • Send oss en epost

  • +47 56556300

  • Hardangerfjordveien 613

    Kvam, Vestland

    Vis i kart

I hjarta av Hardangerfjord Hotel ligg restaurant Glime med fantastisk utsikt mot fjord, fonn og fjell. Med råvarer frå lokale produsentar i sesong får du ei autentisk smaksoppleving av kvalitet.

Med nydeleg lokalmat, tilbakelent stemning og vakre lokale vert Restaurant Glime eit verdig stopp på Hardangereventyret – for mat-, vin- og siderentusiastar, så vel som lokale heltar på jakt etter laurdagens familiemiddag. Restaurant Glime ligg i hjarta av Hardangerfjord Hotel med direkte inngong frå resepsjonsområdet. Utsikta vender mot både fjorden, fonna og fjella på sørsida, men har òg skjerma bord mot parkeringsplassen.
Kjøkenet baserer seg på lokale produsentar i sesong. Lunsjmenyen er destillert, og passar like godt ein regntung haustdag som i solsteiken på den vakre uteserveringa. Kveldsmenyen har få, men handplukka alternativ av høg kvalitet. Dei lokale tilsette med kunnskap om meny, sider og bygdene rundt skapar ei unik restaurantoppleving du seint vil gløyme.

Opningstider:

Lunsj: 12-15

Middag:

Måndag-Laurdag: 17-21

Søndag: 17-20

  • Hele året

Kilde: Destination Hardanger Fjord AS