Nå

Siderhuset Ola K

Bestill
  • Tre personar går mot Siderhuset Ola K, ein idyllisk restaurant i Hardanger, omgitt av fjord og fjell.
  • Ein delikat fiskerett med urtesaus servert på Siderhuset Ola K i Hardanger. Kortreist mat med lokale smakar.
  • Koseleg stemning inne på Siderhuset Ola K, der gjester nyt lokale delikatesser i historiske omgjevnader.
  • Nydeleg krema suppe med urter og etande blomar – ein smak av Hardanger på Siderhuset Ola K.
  • Siderhuset Ola K, ein sjarmerande restaurant i Hardanger, med spektakulær utsikt over fjorden og dei majestetiske fjella.
  • Besøk nettsiden

  • Send oss en epost

  • +47 90512072

  • Fjordavegen 1981

    Ullensvang, Vestland

    Vis i kart

Siderhuset Ola K er ein prisvinnande restaurant i Hardanger med fokus på lokale råvarer, Sider frå Hardanger og vin av høg kvalitet. Nydeleg plassering med fjord og fjell som bakteppe.

Du skal leita lenge etter ein flottare plass å nyta eit måltid og sider frå Hardanger enn Siderhuset Ola K. Restauranten ligg nemleg nydeleg til nede på kaien på Nå – omgitt av stupbratte fjell og fjorden som bakteppe.



Restauranten vart etablert våren 2021 som eit supplement til det produktet alle dei fantastiske siderprodusentane i regionen har bygd opp dei siste åra. Hjå Siderhuset Ola K får ein mat av svært høg kvalitet. Menyen, som består av 2-rettars lunsj eller 3-rettars middag, vert skifta tredje kvar veke – alt etter kva råvarer som er tilgjengeleg i sesong. Restauranten kan skilta med eit rikt sortiment av vin. Legg ein til alle dei ulike sidersortane i regionen, har dei eit svært stort mangfald av drikke som pirrar smaksløkane til gangs.



Sjølve huset har vore ein samlande plass for både lokale og turistar i over hundre år. Det heile byrja i 1912 då sjølvaste Ola K Nå førte opp bygget for å hjelpa dei lokale i Vikebygd med blant anna varehandel, ekspedisjon av frukt og post. No er imidlertid stafettpinnen ført vidare, og endeleg kan folk nyta god mat og drikke i lystig lag på kaien på Nå.



Siderhuset Ola K tilbyr også ulike typar smakingar på førespurnad, samt møtefasilitetar og fasilitetar for selskap på førespurnad. Velkomen til god mat og drikke, fjord- og fjellutsikt og godt vertskap på Siderhuset Ola K!


  • Sommer
  • Vinter
  • Vår

Kilde: Destination Hardanger Fjord AS