Jostedal

Spesial Blåistur, Nigardsbreen

Bestill
  • Nigardsbreen Glacier, Jostedal
  • Nigardsbreen Glacier, Jostedal
  • Nigardsbreen Glacier, Jostedal
  • Besøk nettsiden

  • Besøk oss på Facebook

  • Send oss en epost

  • Jostedal

    Luster, Vestland

    Vis i kart

Lengre bretur med topptauklatring i blåisen - Velkommen til Nigardsbreen i Jostedal

Beskrivelse

Ynskjer du å oppleve ein meir utfordrande bretur bør du bli med på denne turen med innlagt topptauklatring i blåisen.

I små grupper på maks. 6 personar får du prøve meir krevjande blåisvandring og klatring med 2 øksar i ein isvegg sikra på topptau.

Bli med på ei spennande utforsking av fargar, sprekkar og istårn på Nigardsbreen.

Kva er inkludert: Brevandreutstyr og båttransporten.

Kva skal ein ta med: Ryggsekk, klede som dekkar heile kroppen, ikkje shorts eller skjørt utan leggings. Fjellsko eller solide joggesko, matpakke, solbriller, hanskar, vind- og vasstette klede og ein varm genser/jakke.

Hanskar kan du låne av oss men me har ikkje små hanskar.

Varigheit: Ca. 6,5 timar, på isen ca. 4 timar.

Dato: 11.07 - 28.08. Etter denne datoen arrangert berre som privattur.

Aldersgrense: 12 år

Oppmøte: Møt opp på parkeringsplassen ved Nigardsbreen

  • Sommer
  • Vår
  • Middels
  • Guidede turer

Kilde: Visit Sognefjord AS