Lom

Spiterstulen

Bestill
  • Send oss en epost

  • +47 97998000

  • Visdalsvegen 1710

    Lom, Innlandet

    Vis i kart

Spiterstulen turisthytte ligg 1111 meter over havet i den frodige Visdalen i Lom, og er eit naturleg startpunkt for turar til Norges høgaste fjell - Galdhøpiggen.

Med base på Spiterstulen kan du dessutan nå 17 av dei 26 toppane i Norge på over 2300 meter over havet - på dagstur! Storebror Galdhøpiggen tronar i vest med veslebror Glittertinden i aust. Om sommaren kan du bestige desse toppane på eigenhand- ved å følge merka sti frå hytteveggen! Turisthytta er stengt midtvinters, men når vegen og hytta opnar om våren, er området dessutan eit eldorado for toppturar på ski. Spiterstulen er ein av hyttene du går innom langs turen "Høgruta i Jotunheimen" på etappa mellom Glitterheim og Leirvassbu. Spiterstulen var historisk sett ein sætergrend til slektsgarden Sulheim i Lom, men har vore overnattingsstad for turistar sidan 1844. Det fyrste tilbygget for turistar blei satt opp i 1874. Gjennom sju generasjonar har staden sidan blitt utbygd og modernisert, men det gamle preget er bevart – med fleire små og store hus i eit tun. Gjesteromma varierer fra småstuer og familieeininger med bad, til ungdomsavdelingar med køyesengar og felles vaskerom. I alt er det senger til 250 gjestar. Dersom ein ynskjer å sove ute i frisk fjelluft ligg det ein teltplass på andre sida av elva Visa. Som campinggjest kan du nytte servicehuset som er på den same sida av elva som hovudhusa. Her finn du dusj, toalett og ferskvatn til drikke og matlaging. Det er også eit telt- og bubilområde ca 200 meter nord for hoveduset, som er tilrettelagt for camping. Der er det kun utedo. Det er oppstillingsplassar for bubil ved parkeringsplassen, med moglegheit for strømtilkopling via appstyrte stolpar. Her er det også moglegheiter for å fylle på vatn. Campingavgift og informasjon ordner ein i resepsjonen på Spiterstulen. Berre reisa innover Visdalen er i seg sjølv ei oppleving av historie og natur. Det går framleis dyr på sommerbeite langs vegen og knytter saman nåtid og fortid. I Visdalen finn du ein rik flora, pludrande bekker, attgrodde dyregravar og sagnomsuste sætertufter som innbyr til fine småturar. Sætervollane er leikeplass for barna. Spiterstulen gjev kvardagen eit pusterom!

Kilde: Visit Jotunheimen AS